Offshoretilsette vil paa linefiske
LINE: Mange tidlegare offshoretilsette vil no på linefiske.
Nytt

Offshoretilsette vil på linefiske

Linebåtreiarar vert nedringt av offshoretilsette som vil verte linefiskarar.

16.11.2015
- Det er svært mange som tek kontakt. Det er gledeleg, for i mange år hadde vi problem med å få tak i nordmenn, seier dagleg leiar Geir Solvåg i Ervik Havfiske.
- Berre sidan torsdag har vi fått sju søknader, seier dagleg leiar i Paul Harald Leinebø i Leinebris-reiarlaget i Herøy.

Trangt inn døra

Fiskeriselskapet frå Stad har rundt 15 fartøy, dei fleste linebåtar, og har rundt 250 tilsette på fartøya som vert opererte frå Norge.
Offshorenedturen er godt nytt for reiarlaget.
- Vi miste ein periode mange av våre folk til offshore. No er det mange av desse som kjem tilbake og spør etter arbeid.
Solvåg seier at døra er trang for dei som no kjem tilbake.
- Vi kastar ikkje ut dei vi har for at tidlegare tilsette no vil ha tilbake jobbane.
- Men dersom det opnar seg ei mulegheit, prøvar vi å få til ordningar. Mange av dei som no tek kontakt er folk med god kompetanse.

Populært mellom ungdom

Solvåg seier at ein også vert kontakta av ein god del ungdom som vil på linefiske.
- Ja, spesielt gjeld det mange ungdomar frå Selje. Linefiske har på nytt vorte ettertrakta.
I tillegg til at det er nedgangstider i offshore, er det oppgang innanfor linefiske, der ikkje minst torskeprisane har auka kraftig.
- Det er gode tider innan linefiske. 2015 vert eit svært godt år, og lottane har auka kraftig på kort tid, seier Solvåg.

Russland og Baltikum

Ervik Havfiske har i fleire år hatt mange tilsette frå Russland og Baltikum. Geir Solvåg seier at dette har vore viktige tilsette for selskapet.
- Vi hadde rett og slett ikkje klart oss utan å ha fiskarar frå Russland og Baltikum.
Han seier at det likevel er fleire fordeler med å ha norske tilsette.
- Ja, det er det, men vi kastar ikkje på land andre som har gjort ein god jobb for oss i lang tid.
Solvåg seier at hovudtyngda av dei norske tilsette i Ervik Havfiske kjem frå kommunane Selje, Vågsøy og Vanylven.

- Enormt med søknader

Leinebris-reiarlaget har berre ein båt. Likevel er det mange som tek kontakt og vil på fiske.
- Ja, dette er påtakeleg.
- Vi har to gongar søkt etter maskinist. Første gongen fekk vi 36 søknader, andre gongen 26. Siste gongen søkte vi berre gjennom Facebook.
Leinebø seier at mange i søknadene legg vekt på at dei har familie, eller har bygt nytt hus, og at dei treng fast inntekt.
- Mange skriv også at fiske ligg deira hjarte nærast, sjølv om dei ein periode har arbeidd offshore.

- Tragisk situasjon

Leinebø seier at det er positivt at linefiske på nytt er populært.
- Men samstundes er det ikkje til å unngå at ein får medkjensle for dei mange offshoretilsette som no mister jobben.
- For dei som vert råka er dette tragisk, men vi som reiarlag må prioritere dei som har vore fiskarar hos oss i lengre tid.
Vi kastar ikkje ut dei vi har for at tidlegare tilsette no vil ha tilbake jobbane

Publisert: 16.11.2015 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49