Offensiv satsing paa fjordcruise
CRUISE: Torstein Holsvik og Cruise Service satsar på å ha tilbod heile året, og arbeider med planar om å byggje nye båtar.
Nytt

Offensiv satsing på fjordcruise

Dei satsar stort på minicruise i fjordane på Sunnmøre. Årets julebord til sjøs har vore svært populært.

10.12.2019
- Ja, det har slått verkeleg til. Det har vore ein kjempesuksess, seier dagleg leiar Torstein Holsvik i Cruise-Service.
Med den 70 år gamle fjordabåten Bruvik har julebordgjester vorte frakta rundt, samstundes som dei har ete god mat og hatt god underhaldning.
- Vi har fylt opp båten frå plassar som Stranda, Sykkylven, Ålesund og Ørsta, seier Holsvik.
Dei har sett ei grense på 75-80 personar per tur.
- Det har vore ein god del bedrifter, men også enkeltgjestar, seier Holsvik.
Han sbur sjølv i Hovdebygda og står bak satsinga saman med Roger Halsebakk frå Ålesund, Frode Kjølås frå Stranda og Kåre Molvær frå Langevåg.

Ski & sail

Etter julebordsesongen, skal Bruvik i sving med eit nytt opplegg, denne gongen eit ‘ski & sail’-cruise.
Holsvik seier at tanken er å hente passasjerar i Ålesund og frakte dei til Stranda.
- Med i cruiset er det billettar til skitrekket på Strandafjellet.
- For dei som vil overnatte, har vi spesialtibod saman med Stranda hotell, seier Holsvik.

Ialiensk katamaran

I tillegg til Bruvik, har selskapet kjøpt inn katamaranen Gabriele frå Italia, ein katamaran som går i 30 knops fart og kan ta 200 passasjerar.
Denne båten har i stor grad frakta cruisepassasjerar frå Ålesund og til Hjørundfjorden og Stranda etter at selskapet har fått avtale med fleire av cruiseselskapa som har Ålesund som destinasjon.
Holsvik seier at årets sesong nettopp er avslutta.
- Siste turen med cruisepassasjerar hadde vi i november. Alt i mars er vi gang igjen.

Sandsøya

Han seier at planen også er å frakte turistar og andre til Rosenlund på Sandsøya, der Roger Halsebakk og familien har kjøpt serverings- og overnattingsstaden, og er på gang med ei storstilt oppussing og utviding.
- Vi ser på mange ulike konsept, seier Holsvik.
Aktørane bak har også planar om å byggje nye båtar, som skal vere svært miljøvenlege.
- Arbeidet rundt desse planane pågår for fullt, seier Holsvik.
Siste turen med cruisepassasjerar hadde vi i november. Alt i mars er vi gang igjen

Publisert: 10.12.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47