Obligasjonseigar ja til Havyard
KORONAPROBLEM: Administrerande direktør Gunnar Larsen i Havyard Group har fått problem med kapasiteten på verftet i Leirvik fordi arbeidarar frå utlandet må i karantene.
Nytt

Obligasjonseigar-ja til Havyard

Obligasjonslångivarane gir Havyard Group ny frist for å betale avdrag.

26.03.2020
- Det er veldig positivt for oss, seier administrerande direktør Gunnar Larsen i Havyard Group etter at 99 prosent av obligasjonslångivarane onsdag sa ja til ny frist.

Datterselskapet Havyard Ship Technology - som omfattar skipsverftet i Lerivik i Sogn - søkte om og fekk opna offentlege gjeldsforhandlinga i februar i år, der den erfarne konkursadvokaten Håvard Wiker leiar forhandlingane.

Liten brikke

Det positive svaret frå obligasjoneigarane er berre ein liten brikke i spelet for å sikre vidare drift for Havyard Group og datterselskapet Havyard Ship Technology. Avdraget som er utsett frå mars til 13. juni er på 2,5 millionar kroner.
Den store brikken er å få på plass byggelånfinansiering av tre brønnbåtar og tre serviceskip til vindkraftindustrien. Til saman er det snakk om kontraktar for 2,5 milliardar kroner, i følgje Larsen, der det siste fartyet etter planen skal leverast sommaren 2021.

- Vi har fått på plass ein del, og vi er positive til å få på plass alt, seier Larsen om finansieringa av bygginga av båtane.
Selskapet har og to ferjer under bygging, men der er byggelåna på plass frå før.

Manglar arbeidskraft

I tillegg til verftet og konsernet sin eigne økonomiske vanskar er skipsbygginga og råka av koronakrisa. Arbeidarar frå Polen må i 14 dagars karantene. Konsekvensen blei at dei som nettopp hadde kome for å avløyse dei som skulle heim, sjølve måtte returnere.
Dei som arbeider på verftet no er folk som bur i Leirvikområdet og det er for få til at skipsbygginga går unna etter planen, i følgje Larsen.

Verre og verre

Det første illevarslande varselet for Havyard og Havyard Ship Technology kom berre tre veker etter at selskapet hadde lagt fram sitt førebelse årsreknskap for 2018, med ei melding om at underskotet skulle vere 100 millionar kroner større enn det som var meldt i det førebelse årsreknskapet.

I løpet av 2019 kom fleire meldingar der tapsanslaga vart oppjustert.

Publisert: 26.03.2020 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55