Oaktree tar kontroll i Barreras Havila forlenger skipa
VIGO: Dramatisk for verftet Hijos J. de Barreras etter at det vart forseinkingar og kostnadssprekk ved bygginga av Oaktree/Ritz-Carlton-skipet Evrima (bildet). No er Oaktree i ferd med å ta over kontrollen av verftet.
Nytt

Oaktree tar kontroll i Barreras – Havila forlenger skipa

Havila Kystruten planlegg å forlenge dei to Spania-bygde skipa med ni meter for å løyse djupneproblema. Verftet ser ut til å få amerikansk eigar.

04.10.2019

Det amerikanske investeringsfondet Oaktree Capital er i ferd med å ta kontroll over Barreras-verftet i Vigo i Spania for å få fullført bygginga av eit luksuriøst ekspedisjonscruiseskip som fondet har bestilt i samarbeid med Ritz-Carlton.

medium

Dette opplyser fleire spanske aviser, blant anna Faro de Vigo, som følgjer den dramatiske situasjonen ved verftet tett.

Dette kan også vere godt nytt for Havila Kystruten, som har vore i konflikt med verftsleiinga etter at det vart klart at Havila måtte gjere endringar på dei to skipa Havila Pollux og Havila Polaris for å løyse vekt- og djupneproblem på skipa.

Les her: Dramatisk ved Havila Kystrutens spanske verft

Veg 1.200 tonn for mykje
Konflikten har i hovedsak gått på størrelse og økonomiske vilkår knytt til endringane av byggjeprosjektet.

Blant anna er det djupneproblem ved Riserenna og eit par av hamnene som gjer at skipa som trafikkerer Kystruta Bergen – Kirkenes ikkje kan stikke meir enn 5,20 meter.

Havila-skipa skal blant anna ha om bord svært store og tunge batteripakkar, og arbeidet ved Barreras-verftet i Vigo vart stoppa i august då det viste seg at dei to skipa kom til å stikke for djupt.

Ifølgje Faro de Vigo veg skipa 1200 tonn for mykje for å halde seg innanfor maks djupne.

Ni meter forlenging
For å løyse djupneproblema, er no planen å forlenge dei to Barreas-bygde skipa med ni meter.

Havila Kystruten-leiinga er i dag i Vigo. Det har ikkje lukkast med NETT NO å få kontakt med leiinga, men kjelder nær prosessen opplyser at det no primært vert jobba med å få fullført skipa på Barreras, men det er enno ikkje avklara kva som vert den endelege løysinga.

Spanske media har tidlegare opplyst at det kunne vere aktuelt å flytte ferdiggjeringa til Tyrkia, der Havila Kystruten byggjer dei to andre kystrute-skipa ved Tersan-verftet.

Uavhengig av løysing er det klart at dei to skipa Havila Pollux og Havila Polaris ikkje vert ferdige i tide til å setjast inn i kystrute-trafikk frå 1. januar 2021, slik som planen var.

Havila må ha reserveskip
Truleg vert dei to skipa rundt eit halvt år forseinka.

Havila Kystruten må dermed skaffe to reserveskip, ein prosess som selskapet skal vere godt i gang med.

Ettersom reserveskip uansett skal inn, hastar det dermed ikkje like mykje å få gjort ferdig dei to Barreras-bygde skipa.

Betre ved Tersan
NETT NO kjenner til at vekt- og djupneproblema ikkje er så omfattande ved Tersan-verftet ettersom ein der har hatt betre kontroll på vekta frå starten av i prosjektet. Ved Tersan er det aktuelt å bruke ein del meir aluminium for å lette vekta, i staden for å forlenge dei to skipa Havila Castor og Havila Capella.

Om Barreras-skipa vert forlenga med ni meter, vil det også bety at dei to skipa får fleire lugarar og større fellesareal enn først tenkt.

I utgangspunktet skulle alle fire skipa vere 122,7 meter lange og 22 meter breie og med 178 lugarar.

No kan dei Barreas-bygde skipa verte over 130 meter lange, og lugarkapasiteten auka.

Hektisk møteaktivitet
Ifølgje avisa Faro de Vigo er det no omfattande møteaktivitet ved verftet for å finne løysingar som ivaretar interessene for alle partar.

Heile toppleiinga er no fjerna, og dei økonomiske problema er i ferd med å verte løyste i eit samarbeid mellom bankar, eigarar og regionale styresmakter i Galicia.

Verftet skulda mellom anna 20 millionar Euro til underleverandørar, som truga med å slå verftet konkurs. No vert det truleg ei løysing som sikrar vidare drift, opplyser Faro de Vigo.

Verftet har ei rekordstor ordrebok på over ein milliard Euro, men problema starta ved at bygginga av Ritz-Carlton-skipet Evrima vart kraftig forseinka, i tillegg til at prosjektet vart langt dyrare enn føresett.

Skar seg med Super Bowl
Det kombinerte cruiseskipet/superyachten skulle i utgangspunktet koste 240 millionar Euro, men prislappen auka til over 300 millionar Euro, samstundes som at skipet ikkje vart levert i tide.

Planen var at skipet skulle segle ut frå Miami parallelt med finalen i Super Bowl i februar.

Dette vert det no ikkje av etter at Ritz-Carlton tysdag denne veka opplyste at leveringa av skipet er utsett frå 5. februar til 13. juni neste år.

Dette skipet er det første i ein serie av hybride yacht/cruiseskip i Ritz-Carlton Yacht Collection, som er eit samarbeid mellom Ritz-Carlton og Oaktree, og der Oaktree har stått for finansieringa.

Solid kapitalbase
Oaktree Capital er eitt av verdas største investeringsselskap, og forvaltar rundt 122 milliardar USD. Det var for øvrig det same selskapet som kjøpte seg inn i brønnbåtselskapet Sølvtrans då det selskapet vart tatt av børs i 2014.

No tar Oaktree grep også på Barreras ettersom det er avgjerande for selskapet at verftet vert halde i live. At både verftspresidenten, dagleg leiar og finansdirektør no er fjerna er på grunn av misnøye frå Oaktree/Ritz-Carlton.

Avisa Faro de Vigo opplyser at dagens eigarar Pemex, Albacora og Garcia Costas no forhandlar med Oaktree om sal av aksjane.

Det meksikanske oljeselskapet Pemex er hovedaksjonær med 51 prosent etter at selskapet kjøpte seg inn i det spanske verftet i 2013, eit verft som har ein 120-årig tradisjon.

Ifølgje Cruisenews gjekk bygginga av Ritz-Carlton skipet greit heilt til verftet starta på arbeidet med dei to skipa til Havila Kystruten.

Sikrar cruise-løysing
Samstundes skal Oaktree vere i ferd med å få på plass ny finansiering, blant anna gjennom opptak av eit større lån, som sikrar fullføring av byggjearbeida på cruise, der det er bestilt ytterlegare to skip i tillegg til Evrima.

Faro de Vigo opplyser ikkje om lånet også omfattar fullføring av dei to Havila Kystruten-skipa, men NETT NO kjenner til at det har vore møter mellom partane om ei slik løysing.

Blant anna var det møter onsdag i Madrid.

Avisa Voz de Galicia opplyser at Oaktree Capital-direktør Andreas Kramer har vore ved verftet siste dagane. Det same har leiarar frå Ritz-Carlton, saman med leiarar frå Havila Kystruten.


Publisert: 04.10.2019 11:13

Sist oppdatert: 06.07.2022 13:17