Nyvinning fraa Rolls Royce
BATTERISYSTEM: Jens Hjorteset (til høgre) er teknisk produktsjef for SAVe Energy. Erling Johannesen (til venstre) er plassjef ved Rolls-Royce avdeling for Power Electric Systems i Bergen. 
Nytt

Nyvinning frå Rolls-Royce

Lanserer sitt eige system for energilagring med batteri.

16.08.2018
Rolls-Royce viser i ei pressmelding til at miljøløysingar med bruk av batteri til lagring og drift av skip er ei stor investering for eit reiarlag. Investeringa løner seg først når løyinga er rett skalert for det aktuelle skipet, og har eit intelligent styringssystem..
– Vi har funne ut at dette kan gjerast på ein mer effektiv måte, og gi kundane fordelar i form av eit betre og billigare totalsystem, seier Andreas Seth, EVP Electrical, Automation and Control i Rolls-Royce Marine, i pressemeldinga.

Bergen-produsert

Konseptet heite SAVe Energy, som er basert på lithium-ion batteri med vasskjøling. Systemet er modulbasert og kan skalerast med tanke på både størrelse og effekt.
SAVe Energy skal leverast frå elektroavdelinga i Godvik i Bergen.

Mange partnerar

Utviklinga har blitt delvis finansiert gjennom ENERGIX-programmet til Norges Forskningsråd. Color Line, Norled og Kystverket Rederi har vore partnarar i dette prosjektet.
– Elektrifiseringa av skip går veldig fort no. Frå 2010 til i dag har vi installert batteriløysingar om bord i skip som tilsvarar til saman 15 MWh. Vi ser eit potensial for SAVe Energy på 10-18 MWh i 2019 åleine, seier Seth.
Rolls-Royce opplyser at løysinga har fleire bruksområde. Det vil bli brukt til «peak shaving» ved å barbere bort energitoppane i forbrukskurva og dermed sørge for jamn kraftutnytting på hovudmotorane. Det kan også bli brukt som reserveenergi i kraftintense operasjonar, såkalla «spinning reserve», i tillegg til at systemet kan brukast i batterdrevne skip.
Elektrifiseringa av skip går veldig fort no

Publisert: 16.08.2018 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25