Nyttaarsrushet kom aldri i aar
ULSTEINVIK: Treningsentra til Aktiv Trening strekk seg frå Arendal til Molde og har i store grad vore ope som vanleg, fortel dagleg leiar David Andersen.
Nytt

Nyttårsrushet kom aldri i år

Lokale treningssenter med kvilepuls trass koronautfordringar. Og då uhellet var ute, fekk dei demonstrert smittesporing i praksis.

Marius Rosbach
19.01.2021

Reaksjonane var skarpe frå Virke då dei nye koronatiltaka frå regjeringa kom måndag. Hovudorganisasjonen peika på serveringsbransjen, reiselivet og treningssentera som særleg utsett og frykta konkursras.

Sjølv om dei har sine utfordringar, kan både Aktiv Trening og Sprek365 fortelje at dei på langt nær har kniven på strupen, slik bransjen opplever andre stader i landet.

– Vi er heldige
På Nordvestlandet har treningsentra stort sett vore ope dei siste månadene.

– Eg tenker at vi er heldige som bur på denne kanten av landet. Langs det meste av kysten har vi fått lov til å halde ope. Vi har naturleg nok ikkje den oppturen som vi er vande med i januar, og vi legg heller ikkje opp til det, seier dagleg leiar David Andersen i Aktiv Trening til NETT NO.

Han fortel at forholda teke i betraktning - og med god hjelp frå bankar, huseigarar og medlemar - så går drifta «heilt greitt».

– I år er det berre januar
Det same er beskjeden frå dagleg leiar Hans Arne Bjørdal-Hjeldnes ved Sprek 365-sentra.

nettnohalf

– I fjor var det ein fantastisk januar. I år er det berre januar. Men sjølv om skilnaden er stor frå i fjor, er det ikkje heilt ille, påpeiker treningsgründeren og forsikrar at dei skal overleve.

Han meiner lokala ved alle dei større treningsentra på Nordvestlandet, er store nok til at det går bra å halde avstand.

Måtte stenge etter koronasmitte
Aktiv Trening Blindheim fekk ein tøff start på året, etter at fleire personar som hadde trena ved senteret, testa positivt. Senteret måtte stengast ned og smittesporing settast i verk.

– Vi har betre kontroll enn mange bransjar, og kunne i løpet av kort tid sende ut meldingar til alle som hadde vore innom, fortel David Andersen.

Han er glad for at testane av hundrevis av brukarar i dagane etterpå, viste seg å vere negative.

Høgre utgifter - lågare inntekter
– Vi spelar på lag med kommunen så godt vi kan, og meiner det er viktig at treningsentra er ope. Både når det gjeld folkehelsa, men også sosialt er dette viktig for mange, spesielt dei unge, fortel Andersen.

Han meiner medlemane er flinke til å ta ansvar for hygiene og reingjering, saman med dei tilsette.

At utgiftene til desinfiseringsmiddel og reingjering skyt i veret, er det lite å få gjort noko med. Samtidig går inntektene ned fordi dei kan ha færre deltakarar på gruppetimar.

Opnar aktivitetspark
Treningsgründeren er samtidig i innspurten framfor opninga av Epic-parken på Digerneset. Det blir ikkje planlagd nokon storstilt opning av den nye aktivitetsparken på Sunnmøre, men Andersen fortel at dei satsar på å opne dørene neste veke.

Her blir det mellom anna trampolinehopping, klatring og fleire aktivitetar – tilrettelagt for alt frå «minstemann til bestefar», som Andersen uttalte til NETT NO i haust.

Les også: Gladmelding til permitterte

Hoppar i det med ny aktivitetspark

Skarpe reaksjonar på framleis skjenkestopp

No kan bedrifter søke kontantstøtte igjen

– En brutal påkjenning å kjenne at alt kan gå på dunken


Eg tenker at vi er heldige som bur på denne kanten av landet. Langs det meste av kysten har vi fått lov til å halde ope

Publisert: 19.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 13.09.2022 14:28

Mer om