Nyttaarskonferanse paa nett
EKSPORTRAPPORT: Næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune legg fram ein rapport om eksportnæringane i Møre og Romsdal på fylket sin nyttårskonferanse.
Nytt

Nyttårskonferanse på nett

Berekraft og offentleg/privat-samarbeid er mellom tema ved Møre og Romsdal fylke sin årlege konferanse. Følg direktesending her!

12.01.2021
Nyttårskonferansen er Møre og Romsdal Fylke sin årlege møteplass for leiarar i offentleg forvaltning og næringslivet i fylket. I år har den verdsomspennande koronapandemien gjort at konferansen berre blir arrangert på nett.
(ekstern lenke)
Foredrag og innlegg under konferansen blir liggande ut på nettet også etter konferansen onsdag.

Den opne delen av konferansen er delt i tre deler, der ein bolk handlar om status mellom offentlege og private aktørar for å styrke næringslivet i Møre og Romsdal. Til den bolken er det mellom anna laga ein rapport om status for eksportnæringane i fylket. Rapporten blir presentert på konferansen.
Etter foredrag og innlegg blir det lukka diskusjonsgrupper på nett for deltakarane.

Møreforsking skal presentere kva selskapet har funne ut om kva lærdom det er å hente om å leie offentleg sektor under pandemien. Ole Helge Haugen, leiar for Berekraft-prosjektet til fylkeskommunen, skal fortelje kor langt fylkeskommunen er kome med å nå berekraftmåla fylket sette seg i fjor. Ein statusrapport om berekraftprosjektet skal vere klar til publisering om få veker.

Publisert: 12.01.2021 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11