Nytt tungt aar for Brattvaag Electro
TAPTE: Eigarene har gått inn med ny eigenkapital i Brattvaag Electro etter at selskapet gjekk på eit tap i fjor.
Nytt

Nytt tungt år for Brattvaag Electro

Eigarane har gått inn med ny eigenkapital etter andre året med underskot.

10.07.2019
Brattvaag Electro auka omsetninga med heile 58,9 prosent i fjor, frå 92,3 millionar kroner til 146,6 millionar.
Men det vart eit nytt tapsår. Resultatet før skatt vart minus 9,9 millionar kroner.
I 2017 var det også eit dårleg år, med eit resultat før skatt på minus 9,7 millionar kroner.

I brot med lånevilkåra

2016 var derimot eit plussår, medan selskapet også gjekk på ein stygg smell i 2015.
Etter tapet i 2018 var eigenkapitalen negativ i selskapet.
Selskapet var også i brot med lånevilkåra, der det var krav om 10 prosent eigenkapital, men det er no oppnådd aksept for å fråvike dette kravet til 30. september i år.
Dette opplyser selskapet i årsmeldinga.

Eigarane bidreg

For å betre på den økonomiske situasjonen har eigarane i mars i år også gått inn med 6,9 millionar kroner i ny eigenkapital.
Styret foerventar også at 2019 vil verte eit år der deifta går i pluss.
Selskapet er 50 prosent eigd kvar av Leif Arne Langøy-selskapet Lapas og Midvest I Fondene.

93 tilsette

Brattvaag Electro hadde ved årsskiftet 93 tilsette fordelt innanfor områda Maritime & Offshore, Industri & Næring, Bolig og Automasjon.
Selskapet er ein totalleverandør innan elektro og svakstraumtenester og utfører alt fra små oppdrag til nøkkelferdige el-installasjonar.
I tillegg til hovudkontor i Brattvåg, har selskapet etablert seg med avdelingskontor i Skodje, Ålesund og Herøy.

Publisert: 10.07.2019 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37