Nytt stortap for Rolls Royce
NYTT MINUS: For andre år på rad må styreleiar Mikael Mäkinen i Rolls-Royce Marine legge fram eit underskot i hundremillioner-klassen.
Nytt

Nytt stortap for Rolls-Royce

Rolls-Royce Marine har tapt over 750 millionar kroner dei to siste åra.

26.09.2015
2013-reknskapen viste minus 465 millionar kroner før skatt. 2014-tala for Rolls-Royce Marine er nesten like ille (sjå tabell).
I løpet av to år har Rolls-Royce Marine gått med 779 millionar kroner i underskot før skatt.

Svakare ordreinngang

Ordreinngangen var svakare enn venta, skriv selskapet i årsrapporten for 2014. Samanlikna med 2013 fall driftsinntektene med over 1,5 milliardar kroner i 2014.
På kort sikt kallar Rolls-Royce Marine situasjonen "utfordrande". På lenger sikt ventar selskapet auka etterspørsel etter produkta sine og styret ser på framtidsutsiktene som gode, i følgje årsrapporten - som er datert 22. juni 2015.
Rolls-Royce Marine har hovedtyngda av sine tilsette i Noreg på Nordvestlandet, og er ein av dei største arbeidsgivarane i nordvest. I 2014 hadde selskapet i gjennomsnitt 2126 tilsette.

Legg ned fabrikk

Varsel om nedskjeringar og nedleggingar har prega mykje av omtalen Rolls-Royce har fått i media i år.
I august sjokkerte Rolls-Royce Nordvestlandet generelt og Hareid spesielt med varsel om at fabrikken i Hjørungavåg skal leggast ned og produksjonen av seismikkutstyr skal flyttast til andre bedrifter i konsernet. Selskapet utelukka heller ikkje at folk ville misse jobben. Kor mange som eventuelt blir råka er førebels ikkje avklart.

To tøffe år i vente

Først i 2018 ventar Rolls-Royce Marine eit vesentleg oppsving i marknaden.
Det var bodskapen då Yrjar Garshol, marknadsdirektør i Rolls-Royce Marine møtte internasjonal presse i Ålesund i førre veke.

Garshol teikna ikkje eit heilsvart bilete. Det vil framleis bli inngått skipsbyggingskontrakter, men både 2015, 2016 og 2017 vil vere magre år, samanlikna med det verft, skipsdesignarar og utstyrsleverandører har vore vane med dei siste åra.

Lanserer ny stil

I 2014 brukte selskapet 146 millionar kroner på forsking og utviklingsarbeid for å lage meir effektive, anvendelege og mindre forureinande produkt.
I år lanserer selskapet heilt nytt skipsdesign, som først og fremst skal skilje farty designa av Rolls-Royce klarare frå konkurrentane, men også gjere farty meir effektive i drift.

Publisert: 26.09.2015 16:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47