Nytt steg for automatisert fiskebaat
NY MASKIN: I over to år ha Frode Håkon Kjølås og medarbeidarane i Seaside arbeidd med ein bløggemaskin for fiskebåtar. Skal testast i første halvår.
Nytt

Nytt steg for automatisert fiskebåt

Før sommaren får Frode Håkon Kjølås svaret på om han har greidd å utvikle ein maskin som betyr ein liten revolusjon ombord i fiskebåtane.

19.01.2015
I over to år har Kjølås og medarbeidarane i Seaside på Stranda arbeidd med ein bløggemaskin som kan brukast ombord i fiskebåtar. Seaside har spesialisert seg på utstyr til fiske- og oppdrettsindustrien.
To prototypar har blitt forkasta undervegs, men i mars er den tredje prototypen klar for testing på eit lakseslakteri. På forsommaren er målet å teste maskinen ombord i ei fiskebåt.

Erstattar folk

Ein bløggemaskin kuttar strupen på fisken, og gjer jobben som i dag må gjerast manuelt ombord.
Eitt av problema med å sette ein slik maskin inn i ein fiskebåt er at der er det lite plass. Seaside har jobba lenge med få maskinen kompakt nok, slik at den kan brukast også på dei minste fiskebåtane.

Kombinasjonsmaskin

Utgangpunktet for utviklingsarbeidet var eit ønske om ei bløggemaskin som kunne brukast ombord. Men undervegs har Kjølås og kollegaene i Seaside enda med ei maskin som kan brukast både av lakseslakteri og fiskebåtar.
Maskinen kan byggast ut med ein del tilleggsfunksjonar ut over sjølve bløgginga. Tilleggsfunksjonane er ført og fremst tiltenkt lakseslakteria, men kan også brukast på kvitfisk om det er plass og ønskjeleg frå fiskebåtreiarane si side.
I staden for å utvikle maskina i ulike storleikar, satsar Seaside på at dei som treng større kapasitet i bløggeprosessen heller set inn ei eksta maskin om det er trong for det.

Bedøver fisken

Seaside har tidlegare lukkast med å ta teknologi frå fiske- og oppdrettsindustrien på land ombord i fiskebåtane.
I 2005 kom eit transportband med innebygd elektrobedøving av fisken på marknaden. Det var populært hos lakse- og oppdrettstorsk-slakteria, som fekk ein rolegera (bedøvd) fisk å handtere. Bedøvaren var opphavleg utvikla for lakseoppdrett-slakteria, men då også slakteria som tok i mot oppdrettstorsk også byrja påg bruke det, var grunnlaget lagt også for fiskebåtar som fiskar torsk, sei, hyse og anna kvitfisk
I dag brukar mellom 10 og 15 båtar den same teknologien.

Automatisering

Sintef fiskeri og havbruk konkluderer i ein rapport med at robotar og automatisering er vegen til lønsemd i fiskerinæringa, og industrien spesielet.
Les rapporten her:
Bløggemaskinen Seaside arbeider med er eitt steg på vegen på å erstatte menneske med maskiner i bransjen.
Eit anna steg på vegen vart presentert av OptimarStette på fiskerteknoligekonferansen Fishtech i Ålesund i førrre veke.

OptimarStette arbeider med å automatisere pakkeprosessen ombord på fabrikktrålarane, slik at det skal vere råd å reduserer mannskapsbehovet frå rundt 35 til under 25.

Publisert: 19.01.2015 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40