Nytt skip til kai og rekordmange innfor portane
NUMMER TO PÅ PLASS: Skroget til cruiseskip nummer to til Hapaq-Llloyd på veg inn Breisundet med Erkna fyr i bakgrunnen, og framme ved kai ved Langsten (innfelt). 
Nytt

Nytt skip til kai og rekordmange innfor portane

Eitt cruiseskip skal snart på prøvetur og eitt nytt kom denne veka til Vard-verftet - som aldri har hatt høgare aktivitet.

Marius Rosbach
09.03.2019
I desse dagar er det ekstra mykje folk innfor portane til Langsten-verftet til Vard i Tomrefjord.
– Det har aldri vore høgare aktivitet verd verftet enn no, seier kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til NETT NO.
Torsdag vart eit nytt skrog til eit cruiseskip slept inn til verftet. Det er skip nummer to til tyske Hapaq-Lloyd Cruises. Ved kaia ligg det første som straks er klar for prøveturar og nærmar seg levering.
– Det gjer at vi har 1300-1400 personar innfor portane, inkludert folk frå reiarlag, leverandørar og fast tilsette. Det er ekstra mykje folk nå for å ferdigstille skip nummer ein, og ta i mot skip nummer to, fortel Akselvoll.

Oppe på nivået før oljekrisa


NETT NO omtala i vinter til Vard-verfta. Ved Langsten har dei enno eit skip til det tyske reiarlaget på gang, men det vert truleg ei rolegare periode mellom skrog nummer to og det tredje – som først kjem neste år.
Etterpå står tre kystvaktskip for tur, som skal leverast i 2022, 2023 og 2024.
Arbeidsstokken ved sjølve verftet er no på nivå med før oljefallet slo innover kysten, og det er 230-240 faste tilsette på Langsten.

– Enorm logistikkoperasjon

For å gi overnatting til alle som har arbeid ved verftet, er ein brakkerigg utvida til over 600 rom, eit hotellskip er teke i bruk og i tillegg er folk losjert i bygda og kommunane rundt.
– Det er ein enorm logistikkoperasjon, men vi gjer så godt vi kan for å få ting til å flyte best mogleg. Mellom anna er det leigd inn bussar for å sikre at vi ikkje får meir trafikk enn naudsynt, og at det er nok parkeringsplassar, fortel Akselvoll.
Ho forsikrar at det er gode fasilitetar med einmannsrom, kantine og opphaldsrom både på skipet og brakkeriggen.

Les også:



Fransk serie og kvitt milliardskip

Også ved dei fleire andre av verfta er det godt å gjere i lengre tid framover.
Ved Søviknes-verftet jobbast det med cruiseskip nummer tre av totalt sju til franske Ponant som skal leverast dei neste åra.
Ein trålar skal også leverast i 2020, før dei tek til på med norskeigde Viking Cruises som består av to skip med ein prislapp på kring fem milliardar kroner.
Dykkarskipet som er selt og segla frå verftet. Prisen er ikkje opplyst, men det har vore spekulert i ein pris på kring ein milliard. Skipet er døypt Deep Discoverer og er ifølgje det internasjonale skipsregisteret no eigd av eit TechnipFMC-selskap.

Hjelper til ved andre verft

Verftet i Brattvåg leverte tidlegare i år det nye , men også to andre skip har gått frå kai ved starten av året. Det gjeld to konstruksjonsskip til Topaz Energy and Marine.
– Det er framleis god aktivitet på verftet, som har fått inn ein rekkje reparasjonsoppdrag, montering av batteri-installasjonar på tre offshore-fartøy i samarbeid med Vard Electro, i tillegg til at dei bistår Vard Aukra med utrusting av to trålarar, seier Akselvoll.
Ved Aukra er det jamt høgt nivå på aktiviteten med fiskeri og havbruk, som har vorte verftet sitt spesialområde.

Berre eitt offshoreskip att

Over sommaren kjem til Brattvåg - eit kombinert forskingskip og ekspedisjonsyacht, før ein trålar og eit er neste i rekkja.
– Bortsett frå eit kabelfartøyet, er det ingen offshore-nybygg att i ordrebøkene ved verfta her i Møre og Romsdal, seier Akselvoll.
Arbeidarar frå Brattvåg har også jobb i Tomrefjord, Søvik og Brevik ei periode på grunn av høg aktivitet der.

Les også:


Det er ein enorm logistikkoperasjon, men vi gjer så godt vi kan for å få ting til å flyte best mogleg

Publisert: 09.03.2019 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32