Nytt
Nytt sjefskifte på Sagafjord
Sagafjord Hotel-eigarane er på jakt etter ny sjef for tredje gang på eitt år.
08.08.2017
- Ikkje dramatisk, men kjedleg, seier styreleiar og konstituert dagleg leiar Wenke Engvik Gjørtz i driftselskapet Sagafjord Drift etter at Nina Otterlei slutta i prøvetida.
Otterlei var etterfølgjaren etter Aina Aalen Bjerkvik som tok over etter Konrad Amundlien i fjor sommar. Aalen Bjerkvik byrja som leiar for Radisson Blue Hotel i Ålesund, men er framleis engasjert i hotellet på Sæbø som medlem i styret.
Trass hyppige sjefskifte er hotellet i god utvikling.
Juli månad var "all time high" i følgje Engvik Gjørtz. I første halvår auka driftsinntektene med 20 prosent. 2017 blir andre år på rad med vekst, og hotellet ligg an til å passere 11 millionar kroner i driftsinntekter i år.
Det er ny rekord etter at dagens eigarar, Gjørtz Invest, Handelshuset Rønneberg og Tryggestad Eiendom og Finans tok over i 2012.
Hotellet gjekk nesten i balanse 2014, men oljeprisfallet gjorde at kurs og konferansemarknaden klappa saman. 2015 blei ein ny nedtur, med eit fall i driftsinntektene på over 2,3 millionar kroner.
Sagafjord Hotell gjekk i fjor saman med Juvet Landskapshotel, og Flakk-eigde Hotel Brosundet, Storfjord Hotel og Hotel Union Øye, i prosjektet Ski The Fjords. Målet er å utvikle Sunnmørsalpane som toppturdestinasjon.
Otterlei var etterfølgjaren etter Aina Aalen Bjerkvik som tok over etter Konrad Amundlien i fjor sommar. Aalen Bjerkvik byrja som leiar for Radisson Blue Hotel i Ålesund, men er framleis engasjert i hotellet på Sæbø som medlem i styret.
God utvikling
- Vi har ein eineståande gjeng her, seier Engvik Gjørtz om staben på hotellet.Trass hyppige sjefskifte er hotellet i god utvikling.
Juli månad var "all time high" i følgje Engvik Gjørtz. I første halvår auka driftsinntektene med 20 prosent. 2017 blir andre år på rad med vekst, og hotellet ligg an til å passere 11 millionar kroner i driftsinntekter i år.
Det er ny rekord etter at dagens eigarar, Gjørtz Invest, Handelshuset Rønneberg og Tryggestad Eiendom og Finans tok over i 2012.
Hotellet gjekk nesten i balanse 2014, men oljeprisfallet gjorde at kurs og konferansemarknaden klappa saman. 2015 blei ein ny nedtur, med eit fall i driftsinntektene på over 2,3 millionar kroner.
Meir turisme
Selskapets svar på oljeprisfallet var å auka satsinga på turisme, oppleving og lokalmat. Det er ei satsing som skal vidareførast, seier Engvik Gjørtz.Sagafjord Hotell gjekk i fjor saman med Juvet Landskapshotel, og Flakk-eigde Hotel Brosundet, Storfjord Hotel og Hotel Union Øye, i prosjektet Ski The Fjords. Målet er å utvikle Sunnmørsalpane som toppturdestinasjon.
Publisert: 08.08.2017 09:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12