Nytt overskott og treng fleire kollegaer
JAKTAR NYE FOLK: Evotec-medarbeidarar som nyleg har søkt etter nye kollegaer på fleire ulike område. Frå venstre: Torgrim Eidheim som snart er ferdig som lærling og produksjonsleiar Arve Pedersen, saman med sals- og marknadsansvarleg Torkjell Ringstad, styremedlem og Entec-sjef Håvard Haanes og Ingunn Sporstøl som jobbar med finansane i Evotec. 
Nytt

Nytt overskott og treng fleire kollegaer

Evotec leverte overskott det siste «Kongsberg-året», men treng meir volum. Då treng dei også fleire folk - men talet på søkjarar har gått kraftig ned.

Marius Rosbach
13.06.2019
Inntektene til Evotec i Ulsteinvik peikar igjen oppover og auka med ein dryg firedel i løpet av fjoråret. Fasiten enda på knappe 155 millionar viser 2018-rekneskapen som onsdag vart gjort offentleg i Brønnøysundregistera.
Men dagleg leiar Steinar Aabelvik er ikkje storfornøgd med eit resultat før skatt på knappe to millionar kroner.
– Det er eit lite pluss og slik marknaden er no, må vi dessverre seie oss nøgd med det. Men vi må opp på eit høgare volum for å få ein tilfredsstillande driftsmargin, seier han til NETT NO.
Evotec-styret skriv i årsberetninga at det framleis er stor usikkerheit kring korleis marknadene vil utvikle seg framover, men at dei i fjor opplevde vekst i dei fleste område. Førre veke vart det kjent at selskapet vert ein del av Entec Group som har store ambisjonar om vekst.
Les også:

På jakt etter fleire folk

Skal vi tru stillingsannonsane er det gode utsikter for at volumet framleis skal auke. I starten av juni har Evotec søkt etter folk til 12 nye stillingar på ulike område.
– Førebels følgjer vi planen som inneber ei auke. Det at vi har hatt mange annonser ute, heng saman med at vi lukkast på ein del område. Det gir grunn til å vente ei vekstauke, seier Aabelvik.
Dei treng folk både innan sal, programmering og prosjektleiing. På lista stod også ingeniørar både til å jobbe med mekanisk design og kontrollsystem, i tillegg til service. Dei ønskjer dei seg lærlingar i automasjon og industrimekanikk.

Langt færre søkjer

Torkjell Ringstad som leiar sal og marknadsarbeidet i Evotec, fortel at dei merkar at det er meir kamp om å få tilsett folk no. Etter at arbeidsløysa har gått ned, fortel fleire bedrifter at dei slit med å få dei rette folka.

– For to-tre år sidan hadde eg 110 søkjarar til ei stilling, medan eg no har 20-30 søkjarar på «mine stillingar», seier han.
Mykje av arbeidet ved Evotec i Ulsteinvik dreier seg om å montere saman system. Om dei treng å lage delar, nyttar dei gjerne lokale produsentar som Stryvo, Dimo, Servi Group.
– Og med dei tilbakemeldingane vi får om dagen, trur eg vi kanskje vil trenge fleire folk også. Her er det full aktivitet om dagen, seier Ringstad og viser veg inn til produksjonshallen.

Trur på revolusjon i seismikk

I årsberetninga skriv styret at Seismikk er mellom segmenta det er knytt spenning til korleis vil utvikle seg. Det er teikn til betring på nokre område, men i offshore er det framleis lite å gjere. Ringstad viser fram den neste leveransen som står for tur å bli sendt ut.
– Dette er eit fullautomatisert nodehandteringssystem for seismikk. Når dette kjem i operasjon, vil våre kundar vere i stand til å ta opp noder i fem knops hastigheit. Det er tre gonger så raskt som vanleg. Vi trur det vil vere med å revolusjonere botnseismikk, seier han.
Bortanfor jobbast det med store vinsjar til sørkoreanske National Institute of Fishery Science og ved sidan av ligg utstyr frå ein servicejobb for PGS.
– Med denne kan dei spare to dagars arbeid når dei skal skifte ein streamer, seier han.
Ordrereserven ved inngangen til året var låg, fordi avgjersler kring fleire prosjekt let vente på seg. Leiinga ventar at desse kjem på plass og vil sikre eit akseptabelt grunnlag for 2019.
Les også:

Det at vi har hatt mange annonser ute, heng saman med at vi lukkast på ein del område

Publisert: 13.06.2019 05:55

Sist oppdatert: 29.04.2021 12:38