Nytt knallaar for dette verftet
VESTNES: Familieeigde Aas Mek. Verksted er av dei mest lønsame verfta i Norge.
Nytt

Nytt knallår for dette verftet

Medan mange andre verft slit økonomisk, held Aas Mek Verksted fram med å levere gode resultat.

28.07.2017
Vestnes-verftet omsette i fjor for 629,3 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på solide 74,6 millionar.
Dette er ein resultatauke på 46,5 millionar kroner.
Dei siste seks åra har dermed Vestnes-verftet hatt eit resultat før skatt på 68, 65, 34, 22, 28 og til slutt 74 millionar kroner.
Det familieeigde verftet har eksistert sidan 1911. No er det tredje og fjerde generasjon i Aas-familien som driv verftet vidare, der Halvard, Johan og Olav Aas eig kvar sin tredjedel gjennom selskapet Maritime Holding.

Reparasjonar og ombyggingar

Dei tek for fjoråret ut eit konsernbidrag på 111,2 millionar kroner, i eit selskap som har solid økonomi, og der den langsiktige gjelda ved årsskftet berre var på ti millionar kroner.
Aas Mek. Verksted har 57 tilsette, og leverte i fjor tre nybygg, derav to brønnbåtar.
I tillegg vart det utført 32 større og mindre ombyggingsoppdrag.

Sølvtrans-båtar

Siste åra har verftet bygt ei rekkje brønnbåtar, der Sølvtrans og dotterselskapet Bømlo Brønnbåtservice har vore av dei store kundane med totalt 28 brønnbåtar frå verftet.
I årsmeldinga skriv styret at ein forventar ein tøffare marknad i 2017, der det er hardare kamp om nybyggingsoppdraga enn dei siste åra.
Uansett sikra verftet seg nyleg ein ny stor kontrakt med Sølvtrans, som skal byggje det som er verdas største brønnbåt med ein kapasitet på 7500 kubikkmeter.
Les her:

Publisert: 28.07.2017 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12