Nytt knallaar for Gjerdsvik selskap
SEISMIKK: Dei to Myklebust-bygde Sanco Swift og Sanco Sword er begge på kontrakt for PGS, men Sword i sommar er utleigd til Axxis Geo Solutions for å skyte nodeseismikk på Utsira-feltet.
Nytt

Nytt knallår for Gjerdsvik-selskap

Men reiar Ivar Slettevoll lovar eit endå betre år i år etter å ha investert tungt i nytt utstyr.

19.07.2019
- 2018 var eit rimeleg bra år, men i år vert det betre.
- Aktiviteten i seismikk er på veg opp att.
Dette seier Slettevoll, som leier selskapet han i 1996 starta saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll.
Selskapet har fem reine seismikkskip, samt tre støttefartøy for seismikk, i hovudsak fartøy for frakt av bunkers.

Omsetningsrekord

Omsetninga auka frå 273,4 millionar kroner i 2017 til 451,3 millionar kroner i 2018.
Resultatet før skatt enda på 74,5 millionar kroner, mot 11,5 millionar kroner året før.
Omsetningsmessig var fjoråret ny rekord, men resultatmessig var 2013 og 2104 endå betre i det som vert rekna som eitt av dei mest lønsame norske reiarlaga.
I 2014 var resultatet før skatt over 158 millionar kroner.
- 2019 teiknar til å verte eit nytt godt år, seier Slettevoll.

PGS-arbeid

Hovedgrunnen til den store veksten i fjor var at dei reine seismikkinntektene auka kraftig, frå 214 millionar kroner i 2017 til vel 379 millionar kroner i fjor.
- I 2017 hadde vi båtar i opplag. No er alle i full drift, seier Slettevoll.
Blant anna går Myklebust-bygde Sanco Swift på langtidsoppdrag for PGS, medan søsterskipet Sanco Sword i sommar opererer for nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions, før båten skal tilbake til PGS.
Også seismikksipa Star, Spirit og Atlantic er i arbeid, men på kortare kontraktar.

Kjøpte inn seismikkutstyr

Selskapet har ein samla eigenkapital på 679,4 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 917,1 millionar.
I fjor vart aksjekapitalen auka frå 14 til 24 millionar kroner gjennom einemisjon.
Ivar Slettevoll seier at dette vart gjort i samband med at selskapet investerte tungt i nytt seismikkutstyr.
- Vi har blant anna kjøpt inn skyteutstyr til Star, Spirit, Sword og Atlantic.
- Gjennom å eige dette utstyret sjølv, står vi betre rusta for å få nye oppdrag i framtida.
Sanco Holding har elleve aksjonærar, men klart størst er gründerane Bjarte, Ivar og Bjørg Slettevoll.
Samla eig dei 66,7 prosent av selskapet.
Hallvard Slettevoll eig 7,9 prosent, og er tredje største eigar..
Gjennom å eige dette utstyret sjølv, står vi betre rusta for å få nye oppdrag i framtida

Publisert: 19.07.2019 12:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37