- Framtidsutsiktene er bekymringsfulle, fastslår styret i Gjerdsvik-selskapet Sanco Holding i sin årsrapport.
Styret forventar nokre vanskelege år framover, sjølv om ordresituasjonen i år er god.
Trass i at selskapet sat att med eit resultat før skatt på 158,7 millionar kroner i 2014, opp frå 92,6 millionar kroner i 2013, tek eigarane ut berre tre millionar kroner i utbyte. Resten vert sprøytt inn att i selskapet.
Styret grunngjev dette med eit ønskje om å styrke kapitalstrukturen i selskapet.
Sommaren 2013 og våren 2014 fekk selskapet overlevert dei Kleven-bygde seismikkskipa Sanco Sword og Sanco Swift, begge på langsiktige kontraktar med Dolphin Geophysical, eit selskap som no slit og har varsla at ein har vanskar med å betale kundane.
Prislapp på dei to siste nybygga var på rundt 1,2 milliardar kroner.
Etter overtakinga av Sanco Swift og Sanco Sword hadde selskapet planar om å byggje endå ein båt, men utsette desse planane.
I tillegg til Swift og Sword har selskapet skipa Chaser, Sea, Sky, Star og Spirit - alle med Sanco-namnet føre.
Selskapet har 1,3 milliardar kroner i gjeld, opp 0,3 milliardar frå året før.
Dei tre eig 63,18 % av Sanco Holding, fordelt på 55,9 % på Ivar og Bjørg Slettevoll og 44,1 % på Bjarte Slettevoll. Alle tre er busette i Gjerdsvika.
Andre større aksjonærar er Hallvard Slettevoll gjennon In Motion (7,85 %), Atlantic Invest (7,3 %), Oddmund Holmen (6,83 %), Kåre Sindre Nyvoll (5,27 %) og Godø og Røren (4,94 %).
Styret forventar nokre vanskelege år framover, sjølv om ordresituasjonen i år er god.
Solid eigenkapital
Men Sanco Holding bør vere godt rusta til å møte desse vanskelege åra. Selskapet har no ein eigenkapital på over ein halv milliard kroner.Trass i at selskapet sat att med eit resultat før skatt på 158,7 millionar kroner i 2014, opp frå 92,6 millionar kroner i 2013, tek eigarane ut berre tre millionar kroner i utbyte. Resten vert sprøytt inn att i selskapet.
Styret grunngjev dette med eit ønskje om å styrke kapitalstrukturen i selskapet.
Nybygg for Dolphin
Sanco Holding har sju båtar i seismikkmarknaden, fordelt på reine seismikkfartøy og støttefartøy til seismikk.Sommaren 2013 og våren 2014 fekk selskapet overlevert dei Kleven-bygde seismikkskipa Sanco Sword og Sanco Swift, begge på langsiktige kontraktar med Dolphin Geophysical, eit selskap som no slit og har varsla at ein har vanskar med å betale kundane.
Prislapp på dei to siste nybygga var på rundt 1,2 milliardar kroner.
Kraftig inntektshopp
Det er inntektene frå desse to skipa som er hovudårsaka til at driftsinntektene auka med 180 millionar kroner frå 2013 til 2014. Samstundes auka kostnadene med 78 millionar kroner.Etter overtakinga av Sanco Swift og Sanco Sword hadde selskapet planar om å byggje endå ein båt, men utsette desse planane.
I tillegg til Swift og Sword har selskapet skipa Chaser, Sea, Sky, Star og Spirit - alle med Sanco-namnet føre.
Selskapet har 1,3 milliardar kroner i gjeld, opp 0,3 milliardar frå året før.
Lokalt eigarskap
Hovudaksjonærar i selskapet er gründerane Bjarte og Ivar Slettevoll, siste saman med kona Bjørg Slettevoll.Dei tre eig 63,18 % av Sanco Holding, fordelt på 55,9 % på Ivar og Bjørg Slettevoll og 44,1 % på Bjarte Slettevoll. Alle tre er busette i Gjerdsvika.
Andre større aksjonærar er Hallvard Slettevoll gjennon In Motion (7,85 %), Atlantic Invest (7,3 %), Oddmund Holmen (6,83 %), Kåre Sindre Nyvoll (5,27 %) og Godø og Røren (4,94 %).
Framtidsutsiktene er bekymringsfulle
Publisert: 30.09.2015 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47