Nytt gruveskip for Kleven
INTENSJONSAVTALE: Konsernsjef Ståle Rasmussen (t.h) i Kleven har inngått ny avtale med gruveselskapet De Beers. Til venstre Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk, i midten Otto Shikongo fra De Beers under sjøsetting av SS Nujoma i fjor.
Nytt

Nytt gruveskip for Kleven

Kleven har inngått intensjonsavtale om å bygge sitt andre gruveskip.

20.11.2017
Intensjonsavtalen gjeld eit skip for gruvedrift på havbotnen.
Kleven har tidlegare levert eitt slik skip, SS Nujoma. Det blei levert i fjor.

No har De Beers og Kleven inngått ein intensjonsavtale om å bygge nok eit skip,
- Vi har arbeidd saman med reiarlaget og Marin Teknikk i lang tid om dette prosjektet, og alle partar har ein klar intensjon om at dette skal bli ein fast skipsbyggingskontrakt i løpet av første halvår 2018, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven i ei pressemelding.
Artikkelen blir oppdatert
- SS Nujoma har vore ein stor suksess for oss frå dag éin, med suveren kvalitet på prøvene og eit drivstoff-forbruk som er 30% mindre enn forventa. Vi er svært nøgde med fartøyet, og det gode samarbeidet vi har med Kleven og Marin Teknikk. Dette nye fartøyet vi no utviklar er eit naturleg neste steg, seier Mike Curtis, prosjektsjef i De Beers Marine Namibia i pressemeldinga.
Skipet er teikna av Marine Teknikk, som og teikna det første skipet for utvinninga av diamantar på havbotnen. Det første skipet var 112 meter langt, det nye blir 176 meter langt.
Kontraktsbeløpet er ikkje opplyst.

Publisert: 20.11.2017 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16