Nytt ekspedisjonsskip til Ulstein
NY JUBELDAG: Gunvor og Tore Ulstein jublar saman med tilsette over nye kontraktar i januar 2017. I dag kunne dei juble på nytt.
Nytt

Nytt ekspedisjonsskip til Ulstein

Ulstein skal bygge skip til National Geographic-flåten

07.11.2017
Det er reiarlaget Lindblad Expeditions Holding som har bestilt det nye skipet, eit ekspedisjonscruise-skip som er bygd for å gå i polare farvatn.
Skipet skal leverast i 2020 og kontrakten innheld opsjon på ytterlegare to farty.
Artikkelen blir oppdatert

Luksus i ishavet

Reiarlaget er samarbeidspartnar med National Geographic, som mellom anna gir ut magasinet med same namn.
Skipet blir bygd med 69 gjestelugarar/suitar og skal ha spa- og treningsområda som inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen, i følgje pressemeldinga.
75 prosent av lugarane får eigne balkongar.

Padletur

Om gjestane vil ta seg litt bort frå skipet kan dei bli med ein motorisert gummibåt, eller låne ski eller kajakk.
Det er ein intensjonsavtale frå i vår som no er blitt fast fisk. Ulstein offentlegjorde i slutten av mai ein intensjonsavtale med ein ikkje namngitt kunder om å minstt eitt ekspedisjonscruiseskip med X-Bow.
Skipa skal vere 120 meter lange og 20 meter breie.

- Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group i pressemeldinga.

Publisert: 07.11.2017 13:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15