Rolls-Royce Marine forhandlar med fleire reiarlag om å ta over ein større del av overvakinga av drifta av skipa. Forventningane er å få dei første avtalane på plass i løpet av kort tid.
-Vi er i dialog med fleire, seier Tore Gangstad. Han er leiar for arbeidet med service og fjernstyrt assistanse på utstyr frå Rolls-Royce Marine.
Driftsenteret i Ålesund er bygd opp i samband med den auka satsinga på utviklinga av fjernstyrte og sjølvgåande skip.
I dei nye avtalane er det Rolls-Royce Marine som får jobben med og ansvaret for overvakinga av utstyret på skipet. Då blir det Gangstad og hans kollegaer som skal varsle mannskapet, ikkje omvendt.
Poenget er mellom anna å utnytte teknologien til å kunne planlegge og gjennomføre vedlikehald og reparasjonar slik at skipet kan redusere liggetid i hamn og bruke meir tid på sjøen.
I og med at utstyr og programvare er så tett samanvevd kan og mykje feilretting gjerast frå land.
Driftsenteret i Ålesund står sentralt i denne satsinga. Takka vere satelittkommunikasjon og avanserte sensorar kan ein hente inn, analysere og bruke enorme datamengder frå skipa.
- Det er så mykje data på ein båt at menneskehjerna ikkje klarer å prosessere det, seier Gangstad.
Teknologien og driftssenteret opnar opp for fjernstyring frå land og etterkvart og for ubemanna skip.
Meir fjernstyring og sjølvgåande skip krev fleire folk i driftssenteret på land.
Teknologien som skal til har vore under utprøving i eit par år.
På skjermane på veggen kan Gangstad få oversikt over posisjonen til samtlege skip til reiarlaga som er med. Kvart farty er markerte med grønt, gult eller raudt. Lyser det grønt er alt i orden, er det gult er noko under utvikling og lyser det raudt må det handling til.
Gangstad kan klikke seg vidare og få opp bilete av heile skipskonstruksjonen, der problemstaden er markert med raudt, og vidare heilt inn i den detaljen i utstyret der problemet er.
- Mykje av data vi ha samla inn dei siste åra kan vi sende tilbake til våre designarar, så kan dei designe akkurat slik det skal vere, seier Gangstad.
-Vi er i dialog med fleire, seier Tore Gangstad. Han er leiar for arbeidet med service og fjernstyrt assistanse på utstyr frå Rolls-Royce Marine.
Driftsenteret i Ålesund er bygd opp i samband med den auka satsinga på utviklinga av fjernstyrte og sjølvgåande skip.
Kontroll frå land
I driftsenteret i Ålesund kan Gangstad i dag koble seg opp til eit skip som Rolls-Royce Marine har levert utstyrt til, og leite etter feil. Men i dag skjer dette etter at mannskapet på skipet har oppdaga av noko ikkje er som det skal, og ringer og ber om hjelp.I dei nye avtalane er det Rolls-Royce Marine som får jobben med og ansvaret for overvakinga av utstyret på skipet. Då blir det Gangstad og hans kollegaer som skal varsle mannskapet, ikkje omvendt.
Poenget er mellom anna å utnytte teknologien til å kunne planlegge og gjennomføre vedlikehald og reparasjonar slik at skipet kan redusere liggetid i hamn og bruke meir tid på sjøen.
I og med at utstyr og programvare er så tett samanvevd kan og mykje feilretting gjerast frå land.
Nøkkel til fjernstyring
Tidlegare denne veka varsla Rolls-Royce Marine at selskapet aukar satsinga på utvikling av fjernstyrte og sjølvgåande skip og på å utnytte fordelane av digitialisering.Driftsenteret i Ålesund står sentralt i denne satsinga. Takka vere satelittkommunikasjon og avanserte sensorar kan ein hente inn, analysere og bruke enorme datamengder frå skipa.
- Det er så mykje data på ein båt at menneskehjerna ikkje klarer å prosessere det, seier Gangstad.
Teknologien og driftssenteret opnar opp for fjernstyring frå land og etterkvart og for ubemanna skip.
Ventar utviding
Dagens driftsenter i NMK-bygget i Ålesund har plass til to operatørar og tre assistentar. Går det som Rolls-Royce Marine håpar blir det behov for større lokale.Meir fjernstyring og sjølvgåande skip krev fleire folk i driftssenteret på land.
Teknologien som skal til har vore under utprøving i eit par år.
På skjermane på veggen kan Gangstad få oversikt over posisjonen til samtlege skip til reiarlaga som er med. Kvart farty er markerte med grønt, gult eller raudt. Lyser det grønt er alt i orden, er det gult er noko under utvikling og lyser det raudt må det handling til.
Gangstad kan klikke seg vidare og få opp bilete av heile skipskonstruksjonen, der problemstaden er markert med raudt, og vidare heilt inn i den detaljen i utstyret der problemet er.
Retur til designavdelinga
Informasjonen som blir samla inn er også verdifull for Rolls-Royce Marine fordi selskapet kan kartlegge korleis utstyret virkar og korleis det kan gjerast betre.- Mykje av data vi ha samla inn dei siste åra kan vi sende tilbake til våre designarar, så kan dei designe akkurat slik det skal vere, seier Gangstad.
Det er så mykje data på ein båt at menneskehjerna ikkje klarer å prosessere det
Publisert: 10.03.2017 15:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07