Nytt NETT NO magasin er ute
VEKST: Lenita Beate Storeide (t.v) og Ivonne Kroken Ekremsæter( med Vilja Kroken Storeide på hofta) driv Christian Gaard Bygdetun as på Trandal i Hjørundfjorden saman med Daniel Storeide. Reiselivsinntekten til selskapet auka med rudnt 20 prosent i fjor, som er ny rekord.
Nytt

Nytt NETT NO-magasin er ute

Dei mindre og mellomstore bedriftene på Nordvestlandet sikra overskot i næringslivet i fjor. Det viser temperaturmålinga over næringslivet på Nordvestlandet i det nye NETT NO-magasinet. 2017 var eit vendepunkt.

07.11.2018
Etter to år i minus gjekk næringslivet på Nordvestlandet på nytt i pluss i 2017. Vendepunktet, spådde NETT NO om 2017 i fjorårets magasin, og det slo til.
No er årets NETT NO-magasin ute, der NETT NO for sjette år på rad tek temperaturen på næringslivet på Nordvestlandet.

Reknskapa til over 2400 bedrifter fordelt på 23 kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre viser at pilene peikar oppover. Driftsinntektene aukar med 7,2 prosent frå 2016 til 2017 og lønsemda er på veg opp.
- Biletet er veldig klart. Etter to dårlege år er det blitt mykje betre, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.
2017-resultata for Nordvestlandet er framleis svake, men det er likevel stor skilnad frå 2017 til 2016, då bedriftene til og med tapte pengar på drifta, meiner han.
- Det er all grunn til å tru at 2018 blir betre enn i 2017, seier han.

Reiseliv i vekst

Årets magasin rettar spesiell merksemd mot reiselivet, ei næring med fleire års vekst bak seg og forventningar og ytterlegare vekst.
Reiselivsnæringa har gått ein lang veg, men no er den i ferd med å bli ei svært lønsam næring for Vestlandet, meiner sjefen for marknadsføringsorganisasjonen Fjord Norge, Kristian B. Jørgensen. Det trekkjer ny kapital til næringa.
- I 100 år har reiselivet jobba med å få nok turistar i høgsesongen, slik at næringa i distrikta klarer å tene pengar, seier Jørgensen.
Fram til for tre-fire år sidan tapte opp mot 30 prosent av distriktshotella pengar i høgsesongen.
- I dag har vi nådd den kritiske massen som skal til for at dei fleste reiselivsbedriftene i distrikta klarer å tene pengar mellom mai og september, seier Jørgensen.

Brønnbåteventyret

- Dette er framleis ei ung næring. Verda treng protein, og vi får sjå mykje meir produksjon av fisk. Ikkje berre laks og ørret, men ei lang rekkje andre fiskeslag. Og denne fisken skal transporterast, seier Sølvtransgrunnleggar Roger Halsebakk til NETT NO-magasinet.
53-åringen er direktør i det som er verdas største brønnbåtselskap. 21 brønnbåtar har Sølvtrans, og fire under bygging. Saman med cruisenæringa har brønnbåtreiarlaga vore med på å fylle ordrebøkene hos skipsverfta etter at marknaden for bygging av offshorefarty klappa saman.
Den siste konktraheringa til Sølvtans Ronja Storm, vert 116 meter lang og 23 meter brei. Båten får eit lastevolum på 7.500 kubikkmeter, og i tillegg ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvatn. Prislapp; vel ein halv milliard kroner.

Halsebakk trur ikkje det stoppar der, og no vert det også sett på å byggje store frakteskip for å frakte laksen rett frå oppdrettsanlegga til kontinentet.
- Det trengst mange fleire skip, og vi skal i høgste grad bidra til veksten.


Publisert: 07.11.2018 06:00

Sist oppdatert: 06.05.2021 10:08