Nysatsing etter minusaar for Havyard selskap
REINSESYSTEM: Dagleg leiar Håvard Gjelseth (innfelt) og dei andre i Norwegian Greentech har tru på marknaden for reisning av ballastvatn. 
Nytt

Nysatsing etter minusår for Havyard-selskap

2018 vart eit tøft år for Havyard-selskapet som tidlegare gjekk under namnet MMC Green Technology.

Marius Rosbach
13.08.2019
Omsetninga gjekk kraftig ned, frå 26 millionar til knappe 16 millionar. Drifta gjekk i pluss, men resultat før skatt enda likevel med eit lite underskot (sjå tabell til høgre eller under om du les på mobil). Mesteparten av inntektene kjem frå sal i Norge.
Havyard har seld aksjeposten sin i MMC First Process, men heldt MMC Green Technology i Havyard-konsernet og har døypt det om til Norwegian Greentech.

Trur på reinsing av ballastvatn

No trur selskapet at marknaden er klar for deira satsing på reinsing av ballastvatn. Dei har laga det dei omtalar som eit kompakt, energieffektivt og brukarvennleg system for å reinse ballastvatn.
Norwegian Greentech viser til at nye internasjonale skipsregler som følgje av IMO-konvensjonen, gjer at mange skip må installere eit slikt reinsesystem.
– Vi har klokkartrur på det vi held på med, og tida er heilt riktig for satsing på ballastvatnreinsing. Endeleg lausnar marknaden, og vi har potensial til å ta store marknadsdelar, seier dagleg leiar Håvard Gjelseth i ei pressemelding i samband med namneendringa.
Havyard eig nær 78 prosent av aksjane i Norwegian Greentech, og Gjelseth seier han ser fram til å jobbe vidare med konsernet.
Nyleg tilsette selskapet også Jon Olav Kopperstad i rolla som salsleiar. Veteranen kjem frå ei tilsvarande stilling ved tidlegare Kongsberg Evotec.

Skilde lag med MCFP

Det var i samband med salet av MMC First Process til mellom anna Credo Partners, at det vart det gjort ein avtale om at aksjane i dåverande MMC Green Technology vart overført til Havyard Group.
I tillegg til storeigar Havyard, er selskapet Visimo oppført med ein eigardel på knappe 23 prosent. Bak dette selskapet står Håvard Gjelseth, Terje John Gjelseth og Børge Gjelseth med om lag ein tredel kvar av aksjane.
Tidleg i juni vart det klart at , gründer Leif Gjelseth og dagens administrerande direktør Petter Leon Fauske i MMC First Process.

Les også:


Leif Gjelseth:

Publisert: 13.08.2019 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38