Det seier Per Magne Eggesbø, som forklarar at steget dei no tek var ein del av planen med fusjonen mellom to pelagiske trålreiarlag tidlegare i år.
Fusjonen mellom Traal frå Karmøy og Herøyfjord frå Herøy la grunnlaget for ein ny og fullstrukturert reiarlagskonstellasjon innafor pelagisk tråling. Dette grunnlaget byggjer det nye reiarlaget no vidare på med å kjøpe Åkerøy II, som er ein 17 år gammal kombinert snurpar og trålar heimehøyrande på Dønna i Nordland.
Samtidig er snart 30 år gamle Traal seld til Cetus-reiarlaget og blir verande på Karmøya.
- Traal begynner å bli nokre år gammal og var moden for utskifting med noko nyare, seier Eggesbø som er største eigar og styreleiar i Traal As.
- Alt som er for salg i dag er relativt store båtar, men som rein trålar treng vi ikkje å bruke heile kapasiteten, forklarar Eggesbø.
Overtaking skal finne stad i desember, og etter tre månader på verkstad vil Åkerøy II vere klar til å gå i fiskeri for dei nye eigarane.
- Året i år blir blir det beste nokon gong på det vi styrer med, men så har vi også mange dårlege år bak oss, seier han.
Strukturering, høge kvoter og relativt gode prisar er ifylgje Eggesbø dei viktigaste årsakene til at det no ser lysare ut enn på lenge for pelagisk tråling.
- I år har det faktisk også vore rekningssvarande å fiske etter augepål.
77 prosent av eigarinteressene i Traal As er samla på Sunnmøre. Eggesbø-familien er største eigar med ein andel på over femti prosent.
Fusjonen mellom Traal frå Karmøy og Herøyfjord frå Herøy la grunnlaget for ein ny og fullstrukturert reiarlagskonstellasjon innafor pelagisk tråling. Dette grunnlaget byggjer det nye reiarlaget no vidare på med å kjøpe Åkerøy II, som er ein 17 år gammal kombinert snurpar og trålar heimehøyrande på Dønna i Nordland.
Samtidig er snart 30 år gamle Traal seld til Cetus-reiarlaget og blir verande på Karmøya.
- Traal begynner å bli nokre år gammal og var moden for utskifting med noko nyare, seier Eggesbø som er største eigar og styreleiar i Traal As.
Les her:
Større enn nødvendig
Eggesbø er samd i at med å laste 2000 tonn er Åkerøy II eigentleg eit par nummer for stor i høve til det som trengst for ein pelagisk trålar.- Alt som er for salg i dag er relativt store båtar, men som rein trålar treng vi ikkje å bruke heile kapasiteten, forklarar Eggesbø.
Gjekk opp i opp
Eggesbø fortel at prisen dei selde for gjekk opp i opp med det dei måtte betale for kjøpet. Investeringa på rundt 20 millionar kroner knyter seg til ombygging av Åkerøy II som har lege eit års tid i opplag. Mellom anna skal heile RSW-anlegget skiftast ut med nytt etter dagens krav.Overtaking skal finne stad i desember, og etter tre månader på verkstad vil Åkerøy II vere klar til å gå i fiskeri for dei nye eigarane.
Betre tider
Traal fiska i fjor for i overkant av 24 millionar kroner, og dette resultatet meiner Eggesbø det er gode mulegheiter til å forbetre med den positive utviklinga som pelagisk tråling no er inne i.- Året i år blir blir det beste nokon gong på det vi styrer med, men så har vi også mange dårlege år bak oss, seier han.
Strukturering, høge kvoter og relativt gode prisar er ifylgje Eggesbø dei viktigaste årsakene til at det no ser lysare ut enn på lenge for pelagisk tråling.
- I år har det faktisk også vore rekningssvarande å fiske etter augepål.
77 prosent av eigarinteressene i Traal As er samla på Sunnmøre. Eggesbø-familien er største eigar med ein andel på over femti prosent.
- Året i år blir blir det beste nokon gong på det vi styrer med
Publisert: 19.11.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49






