Island Drilling foto Island Drilling
FRIST I OKTOBER: Korona-epidemien og oljeprisfallet har gjort vondt verre for riggselskapet Island Drilling Company. I oktober forfell eit lån på 70,6 millionar dollar til betaling og bankane og selskapet er førebels ikkje samde om ein ny frist. Sidan slutten av 2018 har Morten Ulstein (innfelt) og dei andre eigarane gått inn med omlag 1,1 milliardar kroner i lån og eigenkapital i selskapet.
Nytt

Nye lån til kriseråka Island Drilling

Eigarane har sprøyta inn 189 millionar kroner i riggselskapet i år. Skal forhandle med bankane.

14.09.2020
Pengane i år har kome i form av lån, først 6,25 millionar dollar frå Rig Invest LLC og 4,75 millionar dollar frå Meteva as. I juni 2020 lånte alle eigarane selskapet 10 millionar dollar.
Tilsaman er det snakk om 189 millionar kroner etter dagens dollarkurs.
Sidan slutten av 2018 og fram til juni i år har eigarane gått inn med ny eigenkapital eller gitt lån på tilsaman 120,5 millionar dollar, går det fram av årsmeldinga til Island Drilling Company for 2019. Det tilsvarar 1,1 milliardar kroner.

Ulstein, Mohn og Chouest

Riggselskapet har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen (Meteva as), Chouestfamilien i USA (Rig Invest LLC) og ei grein av Ulsteinfamilien i Ulsteinvik (Borgstein as). Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.
Etter fleire forseinkingar med bygging og klargjering kom Island Drilling Company sin boreriggen "Island Innovator" i arbeid for det svenske oljeselskapet Lundin i 2013. Kontrakten var på boring av heile 12 brønnar, og gjorde at selskapet hadde god inntening også etter oljeprisfallet i 2014.

I opplag

Etter at Lundin-kontrakten var avslutta i 2016 måtte riggen leggast i oppdrag, og selskapet har hatt fleire tøffe år på rad, med langt frå nok arbeid.
I 2017 vart verdien av aksjane i selskapet skrive ned til null og Borgstein, Meteva og Rig Invest LLC gjekk inn med ny kapital og gjorde om lån til aksjar.

Forhandlar med kreditorane

I fjor haust var styreleiar Morten Ulstein optimistisk på Island Drilling Company sine vegne.
- Marknaden snudde i fjor, sa han.

Men Ulstein såg ikkje for seg priskrigen i oljemarknaden og koronaepidemien. Ved utgangen av 2019 innfridde ikkje Island Drilling lånevilkåra og den tilstanden har vart ved i år, i følgje årsmeldinga.
Eit lån på 70,6 millionar dollar forfell til betaling i oktober. Selskapet har tatt inititativ til ei utsetjing av betalinga, og ifølgje styreleiar Morten Ulstein er planen å legge fram og diskutere ei løysing med bankane i løpet av september.

Publisert: 14.09.2020 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02