Nye kostnadskutt maa til
FREDA: Førebels er det ikkje aktuelt å kutte ned på talet på avisdagar for Sunnmørsposten, men Polaris leitar etter andre kostnadskutt.
Nytt

Nye kostnadskutt må til

Fleire kostnadskutt er ikkje til å unngå, seier Harald H. Rise i Polaris Media Nordvest.

24.08.2016
I dag har børsnoterte Polaris Media, som eig Adresseavisen og ei rekkje aviser i Nord-Noreg og på Nordvestlandet, hatt styremøte med halvårsreknskapen for 2016 på dagsorden saman med Polaris 2020 - planen for korleis Polaris Media skal få nye inntekter og auke lønsemda.
Når halvårstala blir offentleggjort i morgon tidleg, skal Polaris-sjef Per Axel Koch også presentere måla i Polaris Media for første gang.

Må kutte

I neste omgang skal planen konkretiseriast nedover i organisasjonen, først i Polaris Media Nordvestlandet og søsterselskapet i Nord-Norge, deretter i den einskilde avis og andre dotterselskap.
Sjølv om Polaris 2020 legg vekt på å finne nye inntekter for veletablerte mediebedrifter, peikar framleis inntektsutviklinga nedover og då må det også bli nye kostnadskutt, i følgje Rise.

Betra resultatet

I 2014 var tala for Polarisbedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord (og for Romsdals Budstikke i Molde) prega av store eingongskostnadar i samband med førre runde med kostnadskutt i Polariskonsernet. Enkelt sagt betalte konsernet folk for å slutte, og det kosta.
I 2015-byrja kutta å gi resultat, samstundes som eingongskostnadene i samband med omstillinga var lågare enn i 2014.
Det slår ut i bedring i både driftsresultat og resultat før skatt i fjor, som tabellane viser (får du ikkje lest reknskapstala på mobilen din, sjekk artikkelen på nettbrett eller PC.)
- Vi kom ut av 2015 med eit ganske bra resultat, gitt den vanskelege situasjonen heile mediebransjen er i, seier administrerande direktør Harald H. Rise i Polaris Media Nordvestlandet.
På plussida er og at avisene (medrekna nett-abonnentar) per i dag har fleire abonnentar enn på same tid i fjor - og høgare abonnementsinntekter så langt i år enn på same tidspunkt i 2015, i følgje Rise.

Inntektsfall

Ikkje ei einaste av Polaris-avisene på Sunnmøre og Nordfjord greidde å unngå inntektsfall i fjor. Det gjorde heller ikkje Romsdals Budstikke.
Størst var nedgangen i Sunnmørsposten, over 13 millionar kroner. Sidan 2012 har inntektene gått ned med over 30 millionar kroner, over 18 prosent.

Polaris Media Nordvestlandet, som er selskapet Polaris Media eig bedriften på Nordvestlandet gjennom, hadde eit underskot på nesten 100 millionar kroner i fjor (sjå tabell). Det skuldast ei stor nedskriving av verdiane av selskapa i fjor.

Ikkje færre avisdagar

Alle Polaris-avisene i Nordfjord har no redusert talet på papirutgåver pr. veke. Det har også Sunnmøringen gjort.

Reduksjon i talet på papirdagar er eit tiltak som blir vurdert i Polaris 2020-prosessen, men pr. i dag er det ikkje eit tema med fleire reduksjonea i Polaris-avisen på Nordvestlandet, i følgje Rise.

Publisert: 24.08.2016 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59