Nybygg fraa Baatbygg
SJELDAN BÅT: Det er langt mellom nybygga frå Båtbygg, fiskebåten Cape Arkona, er eit unntak. Båten er nettopp ferdig frå verftet.
Nytt

Nybygg frå Båtbygg

Første nye fartøy på kring ti år frå verftet.

06.06.2020
Skipsverftet Båtbygg har levert fiskebåten Cape Arkona til Austral Fisheries. Det er omlag ti år sidan førre nybygg blei levert frå Båtbygg ved Måløy, seier sals og prosjektleiar Kenneth Sekkingstad ved verftet.
Båtbygg har spesialisert seg på ombyggingar, vedlikehald og reparasjonar, men tek ein sjeldan gang også nybyggingsoppdrag. Cape Arkona-bygginga har gått i pluss, trass ein krevjande nybyggingsmarknad, i følgje Sekkingstad.
66,9 meter lange Arkona er rigga for autoline, teiner og tråling og kan kombinere alle desse fiskeria på ein og samme tur. Primært skal fartøyet drive fangst etter patagonsk tannfisk i Sørishavet, men det skal også tråle etter icefish og andre artar som reiarlaget har kvote på, i følgje ei pressemelding frå verftet.

Godt med arbeid

No har storparten av dei tilsette på verftet tatt ferie, men etter sommarferien er det reparasjon-, vedlikehald- og ombyggingsoppdrag til godt inn i 2021, fortel Sekkingstad.
Båtbygg har gått med overskot kvart år frå og med 2005. 2019-tala er ikkje klare, men i 2018 var driftsinntektene 242 millionar kroner og resultatet før skatt 16 millionar kroner.

Publisert: 06.06.2020 15:23

Sist oppdatert: 11.09.2023 07:44

Mer om