Nybygg for Atlantic Longline
KOMBINASJON: Oppmjuking av regelverket opna for at Atlantic Longline sin nye båt kan kombinere linefiske og snurrevadfiske. 
Nytt

Nybygg for Atlantic Longline

Atlantic Longline byggjer nytt i Tyrkia.

13.02.2018
Reiarlaget har bestilt ein kombinert linebåt og snurrevadbåt hos tyrkiske Tersan Shipyard for levering i oktober 2019.
Fartyet blir 62,8 meter langt og 14 meter breidt. Skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund har teikna skipet.
Dette er det første moderne skipet som er utrusta for å kunne fiske både med line og snurrevad, ein kombinasjon som blei råd etter at styresmaktene opna opp for friare reiskapsval.

Skånsam fangst

Fartyet får ein linekapasitet på 72.000 krokar, og blir utrusta med eit snurrevadanlegg der det er lagt stor vekt på skånsam fangsbehandling.
Fabrikken ombord får ein innfrysningskapasitet på drøyt 60 tonn i døgnet, og kan produserer både filet og sløyd, hovudkappa fisk, i følgje ei pressemelding.
Restråstoffet skal takast vare på ombord.

Batteri

Skipet får ny batteriteknologi, som skal bidra til å redusere enerigforbruket. Skipet er og konstruert for å utnytte restvarme.
Kor stor energiinnsparingseffekten er er ikkje talfesta i pressemeldinga, og det er heller ikkje prisen på fartyet.
Mykje av utstyret ombord skal leverast av norske selskap, mellom anna fabrikk, kraner, autoline anlegg, framdriftsanlegg, batteriløysning, fryseri, navigasjonsutstyr og elektronikk, i følgje pressemeldinga.

Tre eigarar

Atlantic Longline i Ålesund har tre eigarar, Jonny Årvik, Kjell‐Gunnar Hoddevik og Jan Ove Langeland.
Selskapet hadde 95 millionar kroner i driftsinntekter i 2016 og eit resultat før skatt på 11,5 millionar kroner.
Årvik, Hoddevik og Langeland eig Atlantic Longline gjennom selskapet Atlantic Seafish. Der var tidlegare også Kåre Furnes og Tore Jarl Johansen medeigarar, med tilsaman 37,33 prosent av aksjane.

Publisert: 13.02.2018 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18