Nybygg for 6 6 milliardar
UROLEG PÅ LANG SIKT: Mange nye kontraktar i 2019 gjer at verfta går inn i 2021 med ei velfylt ordrebok, med administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft er uroleg for kva som skjer på lenger sikt om ordreinngangen ikkje tek seg opp frå 2020-nivået. 
Nytt

Nybygg for 6,6 milliardar

Ordrebøkene ved dei store verfta krympar fort, viser fasiten ved utgangen av 2020.

05.01.2021
Norske verft har sikra seg 23 kontrakter til 6,6 milliardar kroner i år.
- Isolert sett betydeleg lavare enn ønskjeleg, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft om ordreinngangen til norske skipsverft i 2020.
Ein ordreinngang på 24 milliardar kroner i 2019 er med på å sikre at verfta likevel har bra med arbeid i 2021. Ordreboka er på 57 fartøy med ein samla kontraktsverdi på 34 milliardar kroner. Ordreboka krympar imidlertid fort, fordi omlag 42 skip skal leverast i løpet av 2021.
- Det korte biletet er greit, den lange trenden er vi meir uroleg for, seier Strønen.
Denne artikkelen er korrigert tysdag 5. januar 14.45. I den første versjonen av artikkelen stod det at ordreinngangen i fjor var 8,6 milliardar kroner, men etter ein gjennomgang av statistikken sin endra Norske Skipsverft ordreinngangen for 2020 til 6,6 milliardar kroner.

Magre år

I løpet av dei seks siste åra er det berre i 2018 verfta hadde ein ordreinngang som gjer at verfta kan utnytta byggekapasiteten. Det er ein relativ lang periode med så laber aktivitet.
I år har Kleven Verft gått konkurs og starta på nytt med nye eigarar, med førebels få tilsette. Havyard Group har varsla at selskapet ikkje vil satse på nybygging inntil vidare, men heller på ombygging, reparasjon og vedlikehald.
Dermed er det berre Ulstein Verft og Vard-konsernet som av dei fire store skipsbyggingsselskapa som er i nybyggingsmarknaden.

Full fart i underskogen

Norske Skipsverft registrere alle skipsbyggingskontraktar over 50 millionar kroner. Det fangar mesteparten av aktiviteten hos dei store og mellomstore verfta, og gir dermed ikkje det fulle biletet.
Hos dei som byggjer båtar som kostar mindre enn 50 millionar kroner kvar er det travelt.
- Der er det veldig god aktivitet, både på kort og lang sikt, seier Strønen.

Publisert: 05.01.2021 15:05

Sist oppdatert: 14.05.2021 10:09