Ny toppsjef i Viking Supply Ships
TIL KØBENHAVN: Trond Myklebust forlet Måløy og får nytt kontor i København som toppsjef for Viking Supply Ships. 
Nytt

Ny toppsjef i Viking Supply Ships

Trond Myklebust hoppar av sjefsjobb i Måløy og overtek roret i Viking Supply Ships. - Eg kunne ikkje seie nei til eit slikt tilbod.

07.12.2016
- Eg gler meg, sjølv om Viking Supply Ships har dei same utfordringane som dei andre offshoreselskapa i dag har.
Det seier Trond Myklebust etter at det er klart at han overtek ansvaret for 13 offshorefartøy og rundt 500 tilsette i det Christian Sveaas-kontrollerte selskapet.

Lært nøktern drift

Myklebust er frå Vartdal, men er busett i Ålesund, og har siste året vore dagleg leiar i Fjord Shipping i Måløy. Han seier at han har lært mykje av tida i Måløy.
- Ikkje minst har eg lært mykje av viktigheita av å ha ei god og nøktern drift. Her har offshorenæringa ein god del å lære.

Base i København

Viking Supply Ships er børsnotert i Sverige, men har kontor både i Kristiansand og København. Medan hovudkontoret er i Göteborg, sit driftsorganisasjonen i København, og det er derifrå Myklebust vil leie selskapet.
- Eg kjem til å reise mellom dei ulike kontora, men utgangspunktet vil vere København.
Han tek til i stillinga i løpet av januar.
- Det heile skjedde nokså fort, men eg kunne nesten ikkje seie nei når denne sjansen baud seg, seier Myklebust.

Nordområde-satsing

Han viser spesielt til at Viking Supply Ships har spesialisert seg på spesialbygde ankerhandterar for bruk i nordområda.
- Eg har sjølv vore kaptein på ankerhandterarar, og leia selskap som har satsa nettopp på denne typen skip for bruk i nordområda. I tillegg har eg erfaring frå skipsmekling.
- Denne jobben i Viking Supply Ships var eigentleg midt i blinken for meg, og er noko eg har lyst til å bruke tida på.
Selskapet har mellom anna fire store ankerhandterarar som også er isbrytande, i tillegg til fire ankerhandterarar med utvida isklasse samt ein konvensjonell ankerhandterar. I tillegg har selskapet fem PSV-ar.

Pusterom til 2020

Myklebust seier også at det var viktig for valet at selskapet er restrukturert og har fått refinansiert gjelda.
- Vi har fått pusterom fram til 2020, og innan den tid får vi håpe og tru at marknaden har betra seg.
Trond Myklebust har arbeidd i fem år som skipsmeklar for Seabrokers i Stavanger, han har vore marknadsdirektør og seinare adm. dir. i Bourbon Offshore Norge i seks år.
Myklebust har også vore adm. dir. i Kongsberg Evotec.
Som dagleg leiar i Fjord Shipping har han hatt ansvaret for managementet av 20 kjøle- og kjemikalieskip. Selskapet har 420 sjøfolk og 25 tilsette på land.
Trond Myklebust overtek etter Christian Berg i Viking Supply Ships.
I frå selskapet vert det opplyst at Bengt A. Rem vert gjeninnsett som styreleiar i Viking Supply Ships AB, og at Folke Patriksson vil gå tilbake som nestleiar i styret i det svenske børsnoterte selskapet.

Knut Eltvik overtek

I ei pressemelding frå Fjord Shipping vert det opplyst at Knut Eltvik tek over etter Trond Myklebust.
Eltvik kjem frå selskapet Engie, der han har vore tilsett i 3,5 år som Senior Marine Advisor.
Han har vidare jobba hos Solstad Offshore i 10 år, og då hovudsakelag som operasjonsansvarleg. Eltvik vil tiltre stillinga formelt 1. februar 2017.
- Fjord Shipping AS er tilfreds med å få ein leiar på laget med solid bakgrunn frå leiande stillingar i maritime næringar, og ser fram til å arbeide saman med han om selskapets vidare vekst, skriv selskapet i pressemeldinga.
Vi har fått pusterom fram til 2020, og innan den tid får vi håpe og tru at marknaden har betra seg

Publisert: 07.12.2016 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04