Ny teknologi skal sikre at heile fisken blir utnytta
RÅSTOFF: Cirka 60 prosent av fisken utgjer i dag restråstoff. Ny teknologi skal bidra til å gjere desse restane til høgkvalitetsolje, smaksnøytrale fiskeprotein, fiskegelatin og flammehemmarar. 
Nytt

Ny teknologi skal sikre at heile fisken blir utnytta

Forskarar har funne ut korleis restråstoffet kan smartare utnyttast.

31.07.2020
NPK: Cirka 60 prosent av fisken utgjer i dag restråstoff. Ny teknologi skal bidra til å gjere desse restane til høgkvalitetsolje, smaksnøytrale fiskeprotein, fiskegelatin og flammehemmarar.
– Teknologien vår er rimeleg og enkel å ta i bruk, og gir overlegent utbytte av rest-råstoffet. I tillegg får produkta betre kvalitet enn tilfellet er med eksisterande metodar, seier Sintef-forskar Rasa Slizyte til
Ho leiar forskingsprosjektet DAFIA, som dei siste tre åra har sett på korleis ein kan utnytte fiskeråstoff på ein smartare måte.

Testing i større skala

All teknologi og produksjon er så langt testa i lågskala, og forskarane er no i gang med å auke storleiken på voluma slik at det kan bli tatt i bruk av industrien.
– Dette kjem til å bli nyttig for alle som jobbar med fiskeråstoff – anten det er på oppdrettsanlegg eller fiskarar som fileterer fisken på båt, seier Slizyte.
Prosjektet har fått økonomisk støtte frå EUs H2020 forskings- og innovasjonsprogram.

Publisert: 31.07.2020 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00