Ny supervekst for MMC First Process
REKORDÅR: Administrerande direktør Petter Leon Fauske (midten) i MMC First Process hadde eit rekordår i 2019. Fjoråret blei også prega av kampen for utdanningstilbod i vidaregåande skule, der dei mellom anna fekk støtte frå dåverande statsråd Harald Tom Nesvik. 
Nytt

Ny supervekst for MMC First Process

Alle piler peikar opp - og selskapet snudde minus til eit solid pluss i fjor. No ventar dei stor vekst på eitt område.

Marius Rosbach
20.10.2020
Fiskeutstyrsselskapet MMC First Process auka igjen inntektene kraftig i 2019. Rekneskapen for fjoråret viser ei omsetning på drygt 600 millionar, etter at inntektene året i forvegen stoppa rett under 400 millionar.
Lønnsemda er også snudd frå eit underskot på meir enn ti millionar, til eit overskot på knappe 25 milllionar kroner. Finansinntekter på 23 millionar kroner gir også eit svært godt resultat før skatt (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Mesteparten av dei høge finanskostnadene kjem frå sal av Norwegian Greentech til Havyard. Det blir ikkje teke utbytte etter det gode 2019-resultatet.

Ventar stor vekst på ettermarknad

MMC First Process leverer utstyrspakkar til brønnbåtar, fiskebåtar, fabrikkar til bearbeiding på land og havbruk. Selskapet har spesialisert seg på pelagisk industri, og ein betydeleg del av inntektene kjem frå service- og ettermarknaden.
Finansdirektør Håvard Remøy fortel i ei pressemelding i samband med resultatet, at dei ventar mykje vekst framover på dette området.
Ettermarknaden står for om lag halvparten av inntektene, opplyste administrerande direktør då dei opna nytt bygg på Digernes i fjor.

Gjenombrot i Chile

I årsrapporten for 2019 som er datert i april, kjem det fram at styret ser lyst på framtida for selskapet med kring 160 tilsette.
Etterspurnaden gir grunnlag for vidare vekst, og det økonomiske grunnlaget er solid, skriv styret: – Med basis i dagens ordremengde og aktivitet, er utsiktene for 2020 og framover gode.
Spesielt er det auka etterspurnad innan fiskeri og havbruk. I fjor kapra selskapet også ein avtale om å levere ventetankar på land i Chile, ein kontrakt dei omtalar som eit gjennombrot.
Konsekvensane av koronapandemien blir også nemnt, og det førte til helt, eller delvis permittering av 115 tilsette. Det er likevel ikkje noko som tyder på «uoverstigelige problemer for selskapet», heter det i (ekstern lenke til pdf-fil).

Nye eigarar og samlokalisering

Elles var fjoråret prega av store endringar, fortel selskapet i ei pressemelding tysdag.
Sommaren 2019 blei selskapet kjøpt ut frå Havyard-gruppen av Credo Partners i kompaniskap med First Process Holding og ei gruppe leiarar. Etter kvart kom også ein rekke tilsette med på eigarsida.
Avdelingane på Sjøholt og Vigra blei samlokalisert til Digernes, då det nye bygget opna. Hovudkontoret ligg framleis i Fosnavåg, medan dei også har avdeling i Haugesund.

Les også:





Med basis i dagens ordremengde og aktivitet, er utsiktene for 2020 og framover gode

Publisert: 20.10.2020 11:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03