Ny sjef i Vard
PÅ TOPPEN: Alberto Maestrini har ansvaret for alle Vard-selskapa, etter eit leiarskapen er flytta tilbake til éin person. Mauro Leboffe og Erik Haakonsholm har framleis ansvaret for kvart sitt felt.
Nytt

Ny sjef i Vard

Vard går frå to til ein toppsjef. Alberto Maestrini seier målet er å gjenskape lønnsemda i selskapet. 

11.11.2020
Etter at italienske Fincantieri hausten 2018 sikra seg nok aksjar til å få full kontroll blei Vard stroke frå børsnotering. I februar 2019 varsla Vard-eigaren ei omorganisering der Vard blei delt i to veksemdsområde, cruiseskipsbygging og Offshore & Specialized vessels - som mellom anna omfatta offshorefartøy og fiskebåtar.

Erik Haakonsholm har hatt ansvaret for Offshore & Specialized vessels sidan juli 2019. Han har styrt Vard saman med Mauro Leboffe - som har hatt ansvaret for cruiseskipsbygginga.

Vard har verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvika, og i Romania, Brasil og Vietnam. Etter offshorenedturen er to verft i Noreg avvikla, i Brevik og på Aukra.

Duo held fram

Haakonsholm og Leboffe skal halde fram som sjefar for kvart sitt område, men Maestrini frå Fincantieri blir sjefen for heile Vard.
- Hovudmålet vårt er å gjenskape Vard som den lønsame skipsbyggingselskapet det var før offshorenedturen, seier Maestrini i ei melding i samband med omorganiseringa av leiarskapen.

Milliardminus

Svikten i cruisemarknaden kom på toppen av konsekvensen av at offshorreiarane slutta og bestille nye båtar, og gjorde vondt verre.
I 2019 var Vard-underskotet nesten to milliardar kroner og selskapet held seg flytande takka vere eit lån på 3,1 milliardar kroner.


Trur på snuoperasjon

- Vi er fullt klar over den utfordrande situasjonen, men vi har kompetansen og erfaringa, eit breitt kundenettverk, og ein sterk eigar til å støtte oss. Vi har alle moglege sjansar til å snu dette selskapet rundt og styre det mot ein ny og bærekraftig kurs, seier Maestrini i meldinga.
Maestrini er allereie på plass i Ålesund, og vil dele tida si mellom Ålesund og Italia.
Han blei uteksaminert som elektroingeniør frå universitet i Genova 1983 og arbeidde i fleire internasjonale selskap i åra 1985 til 2004. I 2004 kom han til Fincantieri der han fram til 2016 var nestleiar for bygging av militære skip. I 2016 blei har ein av direktørane i toppleiinga i Fincantieri.
Vi er fullt klar over den utfordrande situasjonen, men vi har kompetansen og erfaringa, eit breitt kundenettverk, og ein sterk eigar til å støtte oss. Vi har alle moglege sjansar til å snu dette selskapet rundt og styre det mot ein ny og berekraftig kurs

Publisert: 11.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04