Ny runde med Pilot E
STØTTE: Utviklinga av søsterfartyet til "Vision of the Fjords" (biletet) blei støtta med 20 millionar kroner i 2016 gjennom Pilot E-programmet. I årets Pilot E-program skal skipsfart prioriteres.
Nytt

Ny runde med Pilot-E

100 millionar i støtte til miljøvennlege skip og industri.

16.04.2018
Enova, Innovasjon Norge og Forskningsrådet skal for tredje år på rad dele ut støtte til utvikling av miljøvennleg teknologi.
Ordninga blei innført i 2015, då var løyvinga på 70 millionar kroner. I fjor vart støtta auka til 100 millionar kroner, og det skal også delast ut i år.

Mindre utslepp frå skip

Ein meir miljøvenleg skipsfart er eitt av måla Enova og Innovasjon Norge støttar gjennom Pilot-E-programmet.
I 2016 var Fiskerstrand Verft og Brødrene Aa to av dei i alt fem grupperingane som fekk støtte gjennom programmet.
Fiskerstrand Verft fekk støtte for utvikling av hydrogendrivne ferjer og Brødrene Aa for å utvikle farty nummer to av sitt miljløvennlege sightseeingsfarty.


Frist i oktober

Fristen for å søke om støtte går ut 10. oktober i år.
Fram til 1. juni skal Enova diskuterer med aktørar i næringlivet om detaljane i utlysninga, før ein endleg utlysningtekst bli sendt ut 10. juli.
To tema er plukka ut til å få støtte i år:
Utsleppsfri maritim transportKlimanøytral industri
Prosjekt som kan kvalifisere for støtte må omfatte heile løpet frå forskning og utvikling og fram til første demonstrerte fullskala prototype i operasjonelt miljø, heiter det i den førebelse utlysninga.

Publisert: 16.04.2018 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21