Ny rekord for Vigra
REKORD: Ny passasjerrekord for Vigra. Spesielt har det vore stor trafikk med Wizzair sine ruter til Kaunas og Gdansk.
Nytt

Ny rekord for Vigra

I 2018 reiste 1.120.639 passasjerar over Vigra. Det er ny rekord.

11.01.2019
Den gamle rekorden var fra 2014. Då var det 1.103.574 passasjerar som reiste over lufthamna.
I forhold til 2017 har antal passasjerar auka med 53.097, noko som tilsvarar ein auke på 5 prosent.

Gdansk og Kaunas

Innlandstrafikken har auka med 3,4 prosent og utlandstrafikken med 9,6 prosent.
Det er spesielt rutene til Gdansk i Polen og Kaunas i Litauen som står for veksten i utlandstrafikken, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde.
Over 54 millionar passasjerar flaug til eller frå Avinors lufthamner i fjor. Det er ein oppgang på 2,8 prosent frå 2017 trass i nedgang i talet på flygingar.

Norwegian størst

Talet på flygingar gjekk ned med drygt 3.000, eller 0,4 prosent, frå 2017, melder Avinor.
– Trenden i flymarknaden held fram. Det viser at flyselskapa gjer ein betre jobb med å utnytte kapasiteten sin, med mellom anna fullare fly, samtidig som vi ser at mellom anna Oslo lufthamn har fleire store fly med plass til fleire passasjerar per flyging, seier konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor.
22,5 millionar passasjerar reiste til eller frå Noreg på utanlandsflygingar. Det er her auken er størst.
For første gong sidan oppstarten i 2002 var Norwegian det største flyselskapet på Avinors flyplassar over eit heilt kalendarår med drygt 20,5 millionar. SAS hadde nesten 20,3 millionar passasjerar.

Publisert: 11.01.2019 13:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30