Ny rapport Dramatisk for Nordvestlandet
RAPPORT: Otto Søberg, administrerande direktør i Eksportkreditt.
Nytt

Ny rapport: Dramatisk for Nordvestlandet

Ei rekkje reiselivsbedrifter vil gå konkurs. Det same med mange aktørar i den maritime klynga. Det spår Menon Economics.

26.03.2020
Ein fersk rapport som Menon Economics har utarbeidd for Eksportkreditt Norge viser at koronakrisa fort kan få svært alvorlege konsekvensar for næringslivet på Nordvestlandet.
I denne regionen har ein mykje eksportretta industri, og totalt anslår Menon Economics at opptil 55.000 arbeidsplassar i dei viktigaste eksportretta næringane på landsbasis står i fare for å forsvinne innan utgangen av 2020.
Inntektsbortfallet totalt sett kan kome opp i så mykje som 1.000 milliardar kroner i 2023.

Mange med negativ eigenkapital

Og det er reiseliv og maritim næring og offshore leverandørindustri som kjem til å verte hardast ramma, næringar som er store på Nordvestlandet.
I rapporten er ikkje konsekvensane delte opp på regionnivå, noko Menon kjem tilbake til i ein ny rapport om kort tid som viser effekten på region- og kommunenivå.
For reiselivsnæringa blir det vist til at sjølv om det har vore stor vekst siste åra, hadde likevel 30 prosent av bedriftene negativ eigenkapital før koronakrisa.
Menon Economics spår at ei rekkje bedrifter vil gå konkurs dei neste månadene.
Men selskapet ser også litt håp på sikt. Spesielt blir det vist til at dersom reiserestriksjonane innanlands blir oppheva, samstundes som krisa gjer det mindre freistande å reise til andre land, vil næringa truleg hente seg inn att.

Høg gjeld for maritime aktørar

Derimot vil den delen av næringa som rettar seg mot eksportmarknader oppleve langvarig etterspørselreduksjon.
For maritim næring og offshore leverandørindustri blir det vist til at omstillinga bort frå olje og gass har gjort næringa mindre sårbar for oljeprisfall. samtidig har omstillinga kosta.
Fleire sentrale aktørar, inkludert ei rekkje verft og reiarlag, har høg gjeld og negative resultat.
Menon Economics meiner at inntektsfallet vil medføre ein betydeleg fare for konkurs blant store deler av den marirtime klynga og offshore leverandørindustri.

- Verst for kysten

Menon fastslår at fleire av selskapa ikkje har likviditet til å dekke meir enn tre månader med løn før eigenkapitalen er brukt opp.
- Menon-rapporten viser at krisa får store konsekvenser for norsk eksportindustri. I verste fall risikerer vi å miste kritiske verdikjeder i eksportindustrien langs kysten.
- Dersom dei store motorane i systemet blir borte, vil dette også få konsekvenser for hundrevis av underleverandørar, seier Otto Søberg, administrerande direktør i Eksportkreditt.

Betre for sjømat

For sjømatnæringane er situasjonen langt betre ettersom dei fleste aktørane har god økonomi, og står godt rusta til å møte eit muleg fall i etterspørselen.
Det blir også vist til at betydeleg svekking av norske kroner mot større valutaer som USD og euro i midten av mars vil truleg dempe noko effekten av redusert etterspørsel.
Også innan prosessindustrien er det mange finansielt solide aktørar, og Menon spår at eit fall i inntektene her ikkje vil få så stor effekt i sysselsetjinga.

Tre scenarier

Rapporten tar for seg tre ulike scenario, der det beste scenariet går ut på at koronasmitten vil vere relativ kortvarig og norske og internasjonale styresmakters tiltak mot spreiing av viruset er effektiv. Norsk og internasjonal økonomi vil som konsekvens vekse igjen etter sommaren, og etter eit kortvarig fall vil verda raskt kome opp på eit produksjonsnivå like under det nivået som var før krisa.
I det verste scenariet vil pandemien trekke ut i tid, samtundes som at tiltaka mot spreiinga ikkje fungerer spesielt godt. Global økonomisk vekst fell markant.
I scenario tre, som er det mest negative, anslår Menon eit inntektsfall for dei fire eksportnæringene alene på over 1000 milliardar kroner.
Sjølv om Menon fastslår at konsekvensane uansett er verst for kyst-Norge, er det uansett for tidleg å seie kva som vert det endelege resultatet fordi dagens krise ikkje liknar noko anna krise vi har stått overfor.
Rapporten fra Menon er overlevert Nærings- og fiskeridepartementet. Denne første rapporten handlar om effekten på nasjonalt nivå. Om kort tid følgjer også ein rapport som viser effekt på regionalt og kommunalt nivå.
Dersom dei store motorane i systemet blir borte, vil dette også få konsekvenser for hundrevis av underleverandørar

Publisert: 26.03.2020 08:43

Sist oppdatert: 25.02.2021 07:36