Ny plan skal sikre industrirekruttering
VERKTY: Rekrutterings-og personaldirektør Monica Nipen i Kleven har vore med i gruppa som har utvikla Norsk Industris plan for å sikre industrien kompetanse og rekruttering. Planen skal blant anne vere eit nyttig verkty for erfaringsdeling om korleis rekruttering- og kompetanseutviklingsarbeidet skal drivast.
Nytt

Ny plan skal sikre industrirekruttering

I 2014 fekk Elizabeth McMahon Møller ros for utdanningsvalet av statsminister Erna Solberg. No vert ho trekt fram som eksempel på kva Norsk Industri vil ha meir av for å sikre rekruttering.

07.05.2019
McMahon Møller er i dag produksjonskoordinator hos Kleven. Som elev ved Ulstein Vidaregåande skule kombinerte ho teori- og fagopplæring. Ho tok teknisk almennfagleg utdanning (TAF) der ho etter fire år sat ho med både fagbrev og generell studiekompetanse.

Etter utdanning ved undervassingeniør-utdanninga i Bergen kom ho tilbake til Ulsteinvik og byrja hos Kleven.
Kombinasjonen praksis og teori er midt i blinken for industribedriftene, meiner personal og rekrutteringsdirektør Monica Nipen i Kleven.
- Eg er stor fan av TAF, seier Nipen.

Skal rekruttere

Nipen er ein av industrileiarane som sidan i fjor haust har arbeidd med bransje og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri sin plan for kva som må til for at industrien skal klare å rekruttere og vidareutvikle kompetansen i bedriftene. Planen blei lagt fram på Industrikonferansen i Oslo i dag.

Det handlar mellom anna å tilby rett utdanning.
- Vi må få til eit tettare samarbeid med utdanningsinstitusjonane, seier Nipen som døme på kva som må til.

Hjelpemiddel

Vegkartet for kompetanseutvikling for industrien skal både vere eit politisk innspel om kva som må til, og eit praktisk verkty for korleis bedriftene skal arbeide med å marknadsføre seg som arbeidsplass, og rekrutterer og drive kompetanseutvikling.
Målet er mellom anna å hjelpe kvarandre ved å dele informasjonen og erfaringar.
- Det er vanvittig mykje informasjon der ute, seier Nipen.

Konkurranse om arbeidskrafta

Nipen merkar godt at det er konkurranse om arbeidskrafta. Det viser at behovet for å arbeide med rekruttering er viktig for industrien, meiner ho.
Kleven har pr. i dag arbeid med skipsbygging til ut på hausten, og fagarbeidarane er ettertrakta.
- I vår region er det kamp om fagarbeidarane i dag. Vi får telefonar frå veldig mange bedrifter som ønskjer å leige inn våre, seier Nipen.

Nytt tilbod frå Fagskolen

Fagskolen i Ålesund er også ein del av kompetanseløftet, mellom anna ved hjelp av eit statleg løyving for å få etterutdanningstidbod for fagarbeidarar.

Fagskolen i Ålesund blir ein av i alt fem fagskolar i programmet som skal tilby kortare etterutdanningskurs med utdanningspoeng i haust. Ordninga er etablert etter eit felles initiativ frå Fellesforbundet og Norsk Industri, og dei håpar at det blir eit varig tilbod.
Fagskolen i Ålesund har tre tilbod til fagarbeidarar som vi etterutdanne seg; i maskinfag for verftsindustrien, i materialteknologi og i dokumentasjon og teknisk kommunikasjon.
Utdanningen skal skje der industrien er, og vil bli en kombinasjon av nett- og samlingsbasert undervisning. Det er partene i industrien lokalt som saman med fagskolane, har definert kva for fag som bli utvikla og prioritert.

Publisert: 07.05.2019 16:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34