Ny metode gir nytt reknestykke for skipstunnelen
NY RAPPORT: Ein ny rapport om Stad skipstunnel er venta i løpet av få veker. Slik ser ein av dei nyaste illustrasjonane for korleis tunnelopninga på nordsida kan bli sjåande ut. 
Nytt

Ny metode gir nytt reknestykke for skipstunnelen

Kystverket jobbar no med å plotte data frå skip som går forbi Stad. Slik skal man for første gong kunne rekne inn miljøgevinsten av skipstunnelen.

Marius Rosbach
17.05.2019
For første gong er det utvikla ein metode som gjer at ein kan rekne kor mykje tid, drivstoff og utslepp det er mogleg å spare for skipstrafikken ved å gå indre lei og Stad skipstunnel, kontra ytre lei og Stadhavet. Samstundes vil ein forsøke synleggjere kva effekt tunnelen kan ha for reiselivet.
– Samla sett trur eg dette vil vise at synergiane ved Stad skipstunnel er langt høgare og går vidare enn det som går på tryggleiken for skipstrafikken, seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling til NETT NO.

Reknar på ny pris

Opp gjennom åra har det vore antyda svært ulike kostnader for Stad skipstunnel. Det siste overslaget frå Kystverket landa på 2,7 milliardar, medan ein ekstern kvalitetssikring antyda at prisen ville bli ein milliard høgare.
15. juni er datoen som er sett for at ein ny rapport om skipstunnelen skal vere klar. . Målet er at kostnadene skal ned på linje med det førre overslaget – som er det same som er avsett i NTP (Nasjonaltransportplan).

Plottar AIS-data

Innsparingane for drivstoff og tid kan talfestast ved hjelp av ein utrekningsmetode Kongsberg Maritime, tidlegare Rolls-Royce Marine har kome fram til.

– Kystverket jobbar no med å nytte denne metoden ved å sjå på AIS-data frå fartøy med ulike lengder. Slik vil vi få eit grunnlag som kan seie noko meir handfast om kor mykje drivstoff, klimautslepp og tid ulike typar fartøy kan spare, seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling til NETT NO.
Arbeidet er gjort på oppdrag for Vanylven Utvikling og Havila Kystruten, men utrekningane vert nytta vidare av Kystverket – som igjen skal levere sin rapport til samferdsledepartementet.

Har antyda store utsleppskutt

Før rapporten er ferdig, kan dei ikkje seie stort om resultata. Men tidlegare undersøkingar har antyda at enkelte fartøy kan spare opptil 50 minutt på passeringstid og – med tilsvarande kutt av utslepp - ved bruk av skipstunnelen.
No Kongsberg Maritime-tilsett, Leif Vartdal, er mellom dei som har utvikla løysinga.
– Vi har utvikla ein metodikk som ein kan nytte for å rekne ut motoreffekt og endring av fart for ulike bølgjehøgder. Dette gir grunnlag for å kunne samanlikne forbruk av drivstoff og klimautslepp for ulike seglingsruter langs Nordvestlandet. Metoden kan nyttast til å rekne ut motoreffekt og fartstap på Stadhavet og yst på kysten der fartøya er eksponert for havbølgjer - og tilsvarande for passering av Sunnmøre i ruter der skipstrafikken er skjerma for slike bølgjer, seier Vartdal.
Det siste reknestykket er det andre i rapportarbeidet som tek seg av, før det endelege resultatet kjem i juni.
Les også:

Vil måle turisteffekt

Effektane for reiselivet og turistbesøket er eit anna område Vanylven utvikling og Havila Kystruten jobbar med å få på plass noko konkret i vurderinga av samferdsleprosjektet.
– Per Sævik og Havila Kystruten meiner det er grunn til vente stor effekt av skipstunnelen. Om utviklinga går slik vi ser føre oss med Vestkapp-område som ein inngangsport til heile Nordvestlandet, kan dette verte enormt, seier Gjelseth.
Tidlegare har ikkje effekten av turisme vore rekna inn i grunnlaget styresmaktene skal nytte for å avgjere om skipstunnelen skal få grønt lys.
Les meir:


Publisert: 17.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35