Ny luksusyacht fraa Kleven
NY YACHT: Konsernsjef Ståle Rasmussen offentleggjorde ny kontrakt på allmøte på Kleven Verft i dag.
Nytt

Ny luksusyacht frå Kleven

Den New Zealandske milliardæren Graeme Hart kjøper ny luksusyacht frå Kleven.

28.11.2014

- Han fann ut at han måtte ha ein til, sa konsernsjef Ståle Rasmussen, då han kunngjorde kontrakta på allmøte på verftet i dag.

Hart har allereie ein yacht under bygging på Kleven Verft.

Den nye båten er 116 meter lang, ti meter lenger enn den som er under bygging ved verftet no. Det nye fartyet skal leverast sommaren 2016. Det som er under bygging skal leverast sommaren 2015.

Skroget skal byggast i seksjonar, dels i Noreg, dels i Polen.

Les også: Her er båten til den rikaste på New Zealand

Solid formue
Verftet og Hart har ikkje oppgitt pris på yachtane, korkje den som ligg til utrustning eller den nye som det er offentleggjort kontrakt på i dag, torsdag 27. november. Etter det NETT NO har grunn til å tru er det snakk om ein pris på rundt 700 millionar kroner pr. farty.

Graeme Hart er rekna som den rikaste personen i New Zealand, og på Forbes si liste over verdas rikaste var Hart i 2014 rangert som den 191. rikaste i verda.

Formuen er utrekna til å vere på rundt 33 milliardar kroner.

Graeme Hart har gjort seg rik på å kjøpe opp selskap som har vore lite verdsett, og gjennomført omfattande kostnadskutt og omstruktureringar. Siste åra har han kjøpt opp fleire selskap innanfor papirindustrien på New Zealand, og tatt store strukturelle grep.

Men Hart starta sjølv på berr bakke. Han slutta på skulen som 16-åringen, og livnærte seg i starten som lastebilsjåfør og bilopprettar, før han gjorde sine første investeringar.

Takka alle
Den nye kontrakten fyller eit hol i produksjonsplanen hausten 2015 og inn i 2016.

Les pressemeldinga frå Kleven her

Rasmussen takka alle, både i eigen organisasjon og hos kunden, for den nye kontrakten. Han kom samstundens med ei lita åtvaring om at det var viktig å vere audmjuk og halde på den gode arbeidsmoralen i konsernet.

- Vi må ikkje bli som Brann, vi skal ikkje rykke ned, seier Rasmussen.

Samarbeid med Marin Teknikk
Den nye luksusyachten er teikan av Marin Teknikk i Herøy, akkurat som den første.

Marin Teknikk teikna og diamatutvinningsskipet som Kleven nyleg offentleggjorde.

Les også: Kleven-skip på diamantjakt

Rasmussen og Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk anslår at verftet har bygd nesten 30 farty med Marin Teknikk-design.

Godt nøgd
Graeme Hart har vore hos Kleven fleire gongar under bygginga, og var mellom anna til stades då den første yachten vart sjøsett.

- Eg er svært nøgd med kvaliteten på arbeidet Kleven har utført til no, og med korleis våre organisasjonar har jobba i lag for å verklegjere dette spennande prosjektet. Eg gled meg verkeleg til å sjå begge fartya ferdigbygde, seier Hart i ei pressemelding.


Publisert: 28.11.2014 18:13

Sist oppdatert: 05.10.2021 15:19