Ny krisepakke LO og NHO vil ha CO2 prosjekt paa plass
OSLO: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen ber regjeringa komme med eit investeringsvedtak om fangst og lagring av CO2 når dei legg fram ei ny krisepakke for norsk økonomi denne veka.
Nytt

Ny krisepakke: LO og NHO vil ha CO2-prosjekt på plass

LO og NHO er samstemde i kravet sitt til finansminister Jan Tore Sanner (H): Ei investeringsavgjerd om CO2-reinsing må komme i fase 3 av krisetiltaka.

26.05.2020
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo: Den nye pakken frå regjeringa som skal få hjula i gang igjen i norsk økonomi etter koronakrisa, er venta fredag.
– No seier industrien sjølv at dei er klare for å stikke spaden i jorda over sommaren, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen til NTB.
Han ser ingen grunn til at ei avgjerd frå regjeringa ikkje skal komme i fase 3.
Dette er 3.700 nye arbeidsplassar. I tillegg svarer det på veldig mykje av det vi må gjere, både for å ta ned eigne utslepp og for å få etablert ei leverandørkjede og -industri som kan levere det verda spør etter, seier Gabrielsen.

Får støtte

Stortinget bad i mars regjeringa sette fart i ei investeringsavgjerd for karbonfangst og -lagring og presentere denne seinast i statsbudsjettet for 2021.
Men det kom inga avklaring i revidert nasjonalbudsjett 12. mai.
– Selskapa er klare til å setje spaden i jorda og komme i gang med prosjektet, sa ein skuffa NHO-sjef Ole Erik Almlid.
Konfrontert med saka i Stortinget nyleg sa statsminister Erna Solberg (H) at ein må bruke den tida som trengst på å kvalitetssikre prosjekta godt nok til å ta ei investeringsavgjerd.
Dei to aktuelle anlegga er Fortums forbrenningsanlegg på Klemetsrud i Oslo og Norcems sementfabrikk i Porsgrunn. Planen er å fange CO2 frå minst eitt av dei to anlegga, for så å pumpe han ned under havbotnen. Prosjektet vil ifølgje førebelse utrekningar krevje investeringar på minst 11 milliardar kroner.

Få fleire i jobb

Det er brei semje om at den viktigaste oppgåva i fase 3 av koronahandteringa er å få fleire i jobb. Knappe 200.000 personar er no registrerte som heilt ledige hos Nav, medan vel 160.000 er registrerte som delvis ledige.
– Det er viktig for oss at arbeidsløysa ikkje bit seg fast, seier finansminister Sanner til NTB.
– Det er viktig at dei som har den mest sårbare tilknytinga til arbeidsmarknaden, ikkje blir støytt ut. Derfor vil kompetanse vere eitt av nøkkeltiltaka for at vi skal komme godt ut av denne krisa.
Regjeringa har fått ei rekkje bestillingar frå Stortinget om tiltak for auka kompetanse som førebels ikkje er kvittert ut. Også Gabrielsen understrekar behovet for å løfte kompetansen til arbeidstakarane gjennom etter- og vidareutdanning.

Grøn pakke

Fase 1 i krisehandteringa handla om hjelp til inntektssikring, og fase 2 om å sikre at levedyktige bedrifter held seg flytande og bremse det økonomiske fallet.
Overordna vil Sanner i fase 3 unngå at offentleg sektor blir endå større på kostnad av arbeidsplassar i privat sektor, at statleg kapital fortrengjer privat kapital og at framtidige generasjonar må ta ein for stor del av koronarekninga.
I opptakta til fase 3-tiltaka har LO og NHO har teke til orde for lønnstilskot for å få permitterte raskare tilbake i jobb. LO vil i tillegg forlengje permisjonsperioden frå 26 til 52 veker.
Det er klart at ein grøn omstillingspakke vil komme i fase 3. Blant hovudelementa er auka middel til forsking, utvikling og innovasjon, styrkt satsing på grøn skipsfart, styrking av det statlege omstillingsfondet Enova og ein strategi for sirkulærøkonomi og ein hydrogenstrategi.
Samtidig har Frp peika på behov for strakstiltak retta mot maritim sektor for å unngå ordretørke ved norske verft.

Publisert: 26.05.2020 06:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57