Ny knalldag paa makrellfeltet
FANGST: Ny god dag på makrellfeltet, her Herøy i ferd med å få 690 tonn om bord.
Nytt

Ny knalldag på makrellfeltet

Omsette for 730 millionar kroner sist veke, og fiskarane ser mykje fisk.

15.10.2018
Sist veke vart det tatt 52.000 tonn makrell, og omsetninga kom opp i over 730 millionar kroner, opplyser Sildelaget.
Toppdagane var onsdag med 15.200 tonn og søndag med 14.500 tonn.
Søndag vart det tatt 45 fangstar. Av desse var Havskjer med 600 tonn, Teigenes (510), Vestbas (260), Leinebjørn (455) og Sjøbris (420).

Lokale mottak

Måndag var det litt labrare på feltet, men Rogne melde inn 475 tonn.
Mange av fangstane skal leverast på Nordvestlandet, ikkje minst til Brødrene Sperre og Nils Sperre på Ellingsøya.
Men det er også leveransar til Pelagia sine anlegg i Hjørungavåg og Selje, samt til Måløy Seafood.

Djupt i Norskehavet

Sildelaget opplyser at etter at makrellen sto djupt i Norskehavet, der færøyske båtar tråla heilt ned på 400 meter, trakk dei norske båtane inn i EU-sona aust av Orknøyene, der skotske notbåtar kom over makrell tidleg i veka. Her var det mykje makrell som stod tilgengeleg for not og dei største båtane kunne jobbe sjølv om vêret ikkje var det beste.
Fredag sette kulingen ein stoppar for fangstinga, og med gode verutsikter i helga sette og kystflåten, som har lege på Shetland, kursen for feltet.
Sildelaget opplyser at fisket i helga har vore svært godt i området tett utanfor 12 mila på Shetland og vidare sørover.
Båtane har også registrert mykje makrell på fangstfelta dei siste dagane.
I tillegg registrerer båtane makrell i djupet når dei seglar til og frå lossing i Norge.

Dårleg for kystbåtane

For ringnotflåten står det no att vel 30.000 tonn av kvoten på 131.390 tonn. For denne gruppa er 22 båtar ferdig med sin makrellkvote.
I kystgruppa er situasjonen derimot ein heilt annan. Her står det att 21.000 tonn av ein kvote på vel 35.000 tonn. Her er det garn/snøre-gruppa som er verst stilt då fiskeriet har vore begredeleg.

Publisert: 15.10.2018 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26