Ny jobb til 800 millionar skip
NY JOBB: Subseaskipet Far Sleipner skal jobbe vidare utanfor Vest-Afrika i 18 månader framover.
Nytt

Ny jobb til 800-millionar-skip

Oljeselskapet Total leiger Far Sleipner i 18 månader.

27.09.2016
Subseafartyet Far Sleipner vart levert frå Vard Langstein i fjor, og vart straks utleigd til det franske oljeserviceselskapet Technip som jobba for Total.
No er skipet utleigd til eit dotteselskap av oljeselskapet Total for å arbeide vidare utanfor Kongo. Storleiken på kontrakten er ikkje oppgitt.

800 millionar

Prislappen på fartyet er rundt 800 millionar kroner, og ved overleveringa i fjor valde Farstad å droppe den tradisjonelle dåpsmiddagen og nøgde seg med lunsj ombord.

Trass i at skipet sto ferdig i det offshoremarknaden var på veg ned angra ikkje Farstad-sjef Karl-Johan Bakken på investeringa.
- Nei, saman med søsterskipet, vil Far Sleipner vere ein del av ryggrada i Farstad Shipping. Det er denne type skip med høg kvalitet og høg yteevne vi ønskjer å satse på, sa Bakken til NETT NO i april i fjor.

Publisert: 27.09.2016 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01