Ny designkontrakt for Havyard
GRØNLAND: Skipa til Royal Arctic Line går mellom små bygder på Grønland med mat og anna livsviktige forsyningar.
Nytt

Ny designkontrakt for Havyard

Skal stå for design til to Spania-bygde lasteskip til grønlandske Royal Arctic Line.

19.02.2019
Havyard sine designarar skal stå for designet til endå to lasteskip som skal gå mellom dei små bygdene på Grønland.
Frå før har Havyard Design & Solutions designa to større lasteskip for det grønlandske selskapet Royal Arctic Line. No skal dei designe to mindre skip, opplyser Havyard i ei pressemelding.

- Viktig for infrastrukturen

Skipa skal sikre at bygder utan vegar skal få forsyningar med mat og anna som er viktig for å kunne bu der.
- Som ein del av vår strategi om fornying av våre eldre skip, er disse to viktige tilskot og ikkje minst for infrastrukturen på Grønland, seier avdelingsleiar for Fleet Management, Anders Bay Larse, i pressemeldinga.
Skipa skal operere på nordvest-Grønland og operere i eit tøft klima, inn og ut av små hamner med grunt vatn, noko som fører til designmessige utfordringar, opplyser Havyard.
– Samarbeidet med Royal Actic Line har vore svært fruktbart og det er svært gledeleg at dei vel oss igjen som designleverandør på sine skip, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane, i pressemeldinga.

37,6 meter

Skipa skal byggjast på Nodosa Shipyard i Pontevedra, Spania. Levering av første skipet er planlagt i slutten av 2020, og skip nummer to kjem fire månader seinare.
Lasteskipa har to lasterom med kvar sine temperatursoner, frå -25 til + 10 grader. Total lastekapasitet er fem kontainarar eller 60 paller.
Skipa er 37,6 meter lange og ti meter breie.

Publisert: 19.02.2019 08:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31