Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

For bestilling av årsabonnement - Kontakt Magnus på magnus@nett.no

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Ny aksjonær inn Griff Aviation

NY KAPTIAL: Medeigar og medgründer Leif Johan Holand i Griff Aviaton (t.h.) meiner den nye japanske medeigaren vil gjere det lettare å slå gjennom internasjonalt. Her er han saman med næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som besøkte bedrifta i Sykkylven tidlegare i år.

Ny aksjonær inn Griff Aviation

Japanske investor verdset droneselskapet i Sykkylven til 130 millionar kroner.

Det er det japanske fondet Drone Fund som går inn med 2,3 millionar dollar, cirka 20 millionar kroner, i Griff Aviation.

Drone Fund får ein eigarpost på 15 prosent og kapitalutvidinga verdset Griff Aviation til 130 millionar kroner.

Også norske investorar vurderte å gå inn i selskapet, men dei ville i så fall ha negativ kontroll om dei skulle gå inn med pengar, i følgje Holand. Negativ kontroll betyr å eige over ein tredjepart av aksjane.

LØFT OG INSPEKSJON: Griff Aviation i Sykkylven har utvikla dronar som ta over inspeksjon- og løfteoppdrag som i dag blir utført med pilotstyrte heleikopter. 

Arbeidsro
- Vi har med denne kapitalen arbeidsro og kan fokusere på utvikling av selskapet mot den internasjonale marknaden, seier dagleg leiar og medeigar Leif Johan Holand i ei pressemelding.

Samstundes med kapitalutvidinga har Griff Aviation og inngått forsking- og utviklingskontraktar for nye dronar. 

Les også: Storkontrakt i sikte for Griff Aviation

Tyngre løft
Dei første dronane blir levert frå Griff Aviation neste vår. Dei skal leverast til selskap i energimarknaden og har ein løfteevne på 30 kilo.

Forsking- og utviklingskontrakten Griff Aviation har offentleggjort i dag handlar om utvikling av dronar som kan løfte 250 kilo.

Fire eigarar
Før kapitalutvidinga hadde Griff Aviation fire eigarar.

Dagleg leiar Leif Johan Holand og Jan Martin Nysæter arbeider begge i selskapet. Saman med eigedomsinvestor Torfinn Nesset frå Rogaland eig før kaptialutvidinga omlag ein tredjepart kvar. 

Fjerde eigar er dagleg leier og eigar av ventilasjonsentreprenøselskapet Plato i Sykkylven,  Odd Arne Rønes. Han eig 0,95 prosent. 

Siste artikler

Jaktar pengar til guide-app

Experio i Ålesund har inngått avtale med tog-og reiselivselskapet Vy. Jaktar på inntil 10 millioner frå investorar for å sikre rask vekst.

Koppernæs kjøper seg opp i Danmark

Ålesund-konsernet øker eierandelen i en av Europas største produsenter av fiskemel- og olje.

Trur på ei «god pakke» for maritim industri

Venstre-topp meiner det allereie ligg mykje bra for bransjen i forslaget til statsbudsjett - men at det vil kome endringar i Stortinget. 

Fjerde runde med Næringsteft

Samlar gründarar og nyskaparar til heildigital konkurranse.

Ap støttar krisetiltaka frå Maritimt Forum

Meiner regjeringa ikkje gjer nok for å redde maritime arbeidsplassar. 

Tydde til nettet då koronaen kom

Reidar Opsal i Bygdebladet har i årevis sagt nei til nettavis, men koronaepidemien fekk han til å skifte syn.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.