Ny Toyota avtale for Hexagon
HEXAGON: Ny avtale med Toyota for Hexagon Composites.
Nytt

Ny Toyota-avtale for Hexagon

Skal bidra i utviklinga av store el-lastebilar drivne på brenselcelleteknologi for Nord-Amerika.

03.06.2020
Hexagon Purus, eit dotterselskap av Hexagon Composites, har inngått kontrakt med Toyota Motor North America til å levere hydrogenløysingane i Toyota sin utvikling av store el-lastebilar.
Avtalen gjeld ein prototype, og har ein verdi på rundt ein million US dollar for Hexagon.
Dette er tredje Hexagon-avtalen med Toyota. Første avtalen galdt utviklinga av eit konsept for hamnene i Los Angeles for å få ned utsleppa frå lastebilar. Det neste prosjektet galdt utviklinga ein hydrogen Tubus-modell frå selskapet Caetanobus.

- Stort potensiale

Hexagon viser i børsmeldinga til rapportar om at brenselcelleteknologi har eit stort potensiale for å verte framtidas framdriftsmetode.
Det blir vist til at store lastebilar vanlegvis er brukt til lange transportar, og at det derfor er viktig å ha både stor kapasitet og mulegheit til refylling.
Første protoypen for den nye Toyota-avtalen er forventa å leverast i løpet av fjerde kvartal.

Publisert: 03.06.2020 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57