Ny Kleven eigar Vurderer rigg
TIL KLEVEN?: Rigg ved Green Yard sitt verft i Kvinesdal. Er leia djup og brei nok kan de bli slike riggar å sjå ved Kleven Verft og.
Nytt

Ny Kleven-eigar: - Vurderer rigg

Den nye Kleven-eigaren ønskjer å bruke verftet også til reparasjon, vedlikehald og mindre ombyggingar på riggar.

14.07.2020
- Det er noko vi ser på, seier dagleg leiar Hans Jørgen Fedog i Green Yard Group om at Kleven Verft også kan bli brukt som riggverft.
Undersøkjingane innber mellom anna om det er djupt nok og brei nok innseglingslei for å ta riggar inn til Kleven. Er det det kan det bli riggar å sjå ved verftet.
Green Yard Group har basert seg på å kunne ta mange type oppdrag, mellom anna å hogge opp skip, eller resirkulere dei som det også blir kalla. Slike oppdrag skal plasserast på Kleven også, i følgje Fedog. Det inneber at det må investerast på verftet for å kunne ta på seg slike oppdrag.

Mange tilsette

Går alt etter planen kjem Fedog til Kleven denne veka og møter tilsette, tillitsvalde og leiinga på verftet.
- Vi ønskjer å ha flest mogleg i arbeid, seier Fedog om bemanningsplanane.
Kor mange det blir kjem i første omgang på om verftet lukkast med å finne ein kjøpar til det kansellerte forsyningskipet, som også vil bygge skipet ferdig ved Kleven. Det andre som tel er få fullført ombygginga av fiskebåten Nordbas.
I neste omgang må meir arbeid inn.
- Vi er i gang med å leite etter meir arbeid, seier Fedog.

"Grønt verft"

I mars fjor overtok Fedog tidlegare Flekkefjord Slip i Kvinesdal etter at han allierte seg med lokale aksjonærar rundt Lista og starta Green Yard Group.

39-åringen marknadsførde verftet som eit ‘grønt verft’, og satsa på ei rekke ulike verftstenester som reparasjonar, ombygging, klassing og i tillegg opphogging av skip og riggar.
Verftet ligg på Angholmen i Fedafjorden, midt mellom Lyngdal og Flekkefjord.

Publisert: 14.07.2020 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59