Ny Equinor avtale for Island Offshore farty
AVTALE: Island Wellserver er inn i sit 12 år på oppdrag for Equinor. No er skipet utleigd for minst eitt, år til - med sjanse til ytterlegare tre år. Marknaden er i betring, seier Island Offshore-sjef Håvard Ulstein
Nytt

Ny Equinor-avtale for Island Offshore-farty

Brønnintervensjonsfartøyet Island Wellserver er utleigd til Equinor i minst eitt år til.

18.03.2019
Island Wellserver har vore på kontrakt med Equinor sidan april 2009, og har kontrakt for oljeselskapet også i år.
Den nye kontrakten tek til å gjeld frå april 2020 og gjeld for eitt år, med rett for oljeselskapet til å forlenge avtalen med ytterlegare eitt år i slengen i tre år til.
Avtalen forpliktar Equinor til å leige brønnintervensjonsfartyet i minst 200 dagar om året.

Betydleg oppdrag

Pressemeldinga om avtalen opplyser ikkje ratenivået, men administrerande direktør Håvard Ulstein seier til NETT NO at det er snakk om eit "veldig tilfredstillande" ratenivå og eit "betydeleg oppdrag".
I fjor vår fekk han og selskapet seg ein skikkeleg nedtur då Equinor frå 2020 inngikk avtale med Røkkeselskapet Akofs Offshore om jobbane som Island Offshore-fartyet Island Wellserver og Island Frontier hadde.

No har Equinor vald å leige inn også Island Wellserver, og Ulstein er optimistisk til at reiarlaget også skal få oppdrag til Island Frontier, og der tredje skipet i dette segmentet, Island Constructor.
- Marknaden er i betring, seier Ulstein, og legg til at det også er komne fleire større aktør inn i marknaden i tillegg til Equiinor.

Partnarskap

Island Wellserver var opphavleg leigd ut gjennom Island Offshore, men er no leigd ut til Equinor av eit selskap der Island Offshore er medeigar.
Island Offshore og TechnipFMC inngjekk i 2018 ei strategisk samarbeidsavtale innan brønnintervensjonsleveransar, og Island Offshore selde samstundes aksjemajoriteten i dotterselskapet Island Offshore Subsea til TechnipFMC. Selskapet heiter no TIOS AS og er kontraktspart med Equinor, medan Island Offshore står for leveranse av fartøy med maritimt mannskap, heiter det i pressemeldinga.
Håvard Ulstein i Island Offshore er godt nøgd med avtalen.
- Dei siste åra har verkeleg sett oss på prøve, men som eigar og operatør innan lett brønnintervensjon har vi heile vegen hevda at dette segmentet er levedyktig, og no har vi fått bevis på behovet for tenestene våre. Å få fornya tillit med Equinor er svært gledeleg for oss, og vi har håp og tru om operasjon utover dei 200 faste dagane på norsk sokkel, seier han i pressemeldinga.
Marknaden er i betring

Publisert: 18.03.2019 16:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32