Norske verft er konkurransedyktige
IKKJE SKREMT: Kjell Magne og Stig Ervik har nok ein gong vald tyrkisk verft. Ikkje eit teikn på at norske verft er utkonkurrert, meiner bransjesjef.
Nytt

- Norske verft er konkurransedyktige

Norske verft er konkurransedyktige på fiskebåtar, sjølv om Ervik Havfiske gjekk til Tyrkia for å byggje to linebåtar.

19.12.2017
Det meiner administrerande direktør Asle Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
- At Ervik går til utlandet er sånt som skjer. Vi veit at norske verft for tida at svært konkurransedyktige, seier Strønen.
Ervik Havfiske sine to linebåtar skal byggast hos Tersan Shipyard. Ervik har også tidlegare fått bygd båtar hos Tersan, dei to siste blei levert tidlegare i år.

Små marginar

Strønen meiner norske verft er fullt i stand til å konkurrere med utanlandske konkurrentar om bygging av fiskebåtar, men seier konkurransen er svært tøff.
- Det er pressa prisar. Dei fleste kjøparar er klar over at marginane er små, seier Strønen.

Snart 13 milliardar

Med har norske verft offentlegjort kontraktar på cirka 15,6 milliardar kroner så langt.

I tillegg kjem intensjonsavtalen som Kleven har inngått om bygging av eit skip for diamantutvinning på havbotnen. I og med at det berre er ein intensjonsavtale inngår ikkje det i statistikken frå Norske Skipsverft.

Det er pressa prisar. Dei fleste kjøparar er klar over at marginane er små

Publisert: 19.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16