Norske arbeidsplassar viktigare enn norsk eigar
SAL: Mange beilarar går inn desse dørene, men for dei tilsette er det viktigare med ein langsiktig aktør som ivaretek arbeidsplassen enn at den nye eigaren er norsk.
Nytt

- Norske arbeidsplassar viktigare enn norsk eigar

Dei tillitsvalde i Rolls-Royce er ikkje redde ein utanlandsk eigar, så sant eigaren ivaretek norske arbeidsplassar.

23.03.2018
- Å sikre norske arbeidsplassar er viktigare enn at vår nye eigar er norsk.
Det seier hovudtillutsvald André Stalheim Angelfoss for Tekna i Rolls-Royce Marine.
Det er stor spenning knytt til kven som kjøper den norske delen av Rolls-Royce etter at morselskapet har lagt marinedivisjonen ut for sal.
Marinedivisjonen har 3.600 tilsette. Rundt 1.600 av desse er i Norge, og 1.400 arbeider på Sunnmøre fordelt på Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.

Vil ha langsiktig eigar

Ei rekkje selskap har vorte nemnde som aktuelle kjøparar. Mellom anna gjeld det amerikanske General Electric, sveitsiske ABB og finske Wärtsila.
Også dei norske selskapa Kongsberg og Aker har vorte nemnde, og i slike salsprosessar er det også vanleg at det er interesse frå internasjonale private equity-selskap.
Stalheim Angelfoss seier at dei tillitsvalde er nøytrale i forhold til kva land den nye eigaren har hovudkontoret, om salet faktisk vert gjennomført.
- Det viktigaste er at dette er ein langsiktig aktør som ønskjer å vidareføre verksemdene på Sunnmøre, i Trondheim og i Bergen.

- Må bevare kompetansen

Han viser til ein kronikk som alle dei tillitsvalde står samla om, der det også vert peika på kor viktige bevaringa av hjørnesteinsbedriftene er for lokalsamfunna.
I tillegg viser ein til viktigheita av å bevare kompetansen innanfor den maritime næringsklynga; frå utdanning og opplæring av sjøfolk, til forskning og utvikling på høgskule- og universitetsnivå, samt til viktigheita av vidareutvikling av produktporteføljen gjennom produksjon og innovasjon innan maritim- og havromsteknologi ved anlegga i Norge.
Stalheim Angelfoss seier at det er bra stemning mellom dei tilsette, som står på fullt under den pågåande prosessen.
- Men det er klart vi er spente på kva som vert utfallet.
Det viktigaste er at dette er ein langsiktig aktør som ønskjer å vidareføre verksemdene

Publisert: 23.03.2018 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19