Norsk traalar brakt inn i Russland
I MURMANSK: Skjermdump som viser ruta til den ålesund-registrerte Arctic Swan det siste døgnet. Onsdag ligg fartøyet til kai i Murmansk. 
Nytt

Norsk trålar brakt inn i Russland

Er teke i arrest i Murmansk.

Marius Rosbach
27.03.2019
Frysetrålaren Arctic Swan i Murmansk etter å ha vore brakt inn i samband med fiske i russisk sone.
Utanriksdepartementet stadfestar at fartøyet er teke i arrest, og det er tydeleg hektisk aktivitet hos norske styresmakter for å avklare kva som har skjedd.
– Utanriksdepartementet er kjend med at reketrålaren Arctic Swan er teke i arrest i Murmansk. Generalkonsulatet i Murmansk gir konsulær bistand til kaptein og mannskap, og er i kontakt med skipet sin agent på staden. Vi ventar nærare informasjon i saka frå russiske styresmakter si side, opplyser pressetalsperson Astrid Sehl i UD til NETT NO.

Les meir:


Generalkonsul Erik Svedahl ved det norske generalkonsulatet i Murmansk stadfestar ved 10-tida til NETT NO at dei kjente saka. Dei jobbar med å samle informasjon og viser til UD for spørsmål.

Usikkerheit kring fangstutrekning

Trålaren er i hovudsak eigd av sunnmøringen Einar Jan Remøy via selskapet Arctic Swan AS.
Reiarlaget Remøy Rederi har kontor i Ålesund, men trålaren er fiskeriregistert i Finnmark.
I ei pressemelding sendt ut av organisasjonen Fiskebåt - men at fartøyet har rapportert korrekt kvantum.
Etter det NETT NO forstår skal det dreie seg om omrekning frå ferske til kokte reker.
– Vi håpar fartøyet raskt kan kome i fiske igjen, uttaler Remøy.

God forteneste på rekefiske

Det 64 meter lange fartøyet er ein kombinert reke- og kvitfisktrålar, som mellom anna driv rekefiske for selskapet Coldwater Prawns, eit felles salsselskap for fire trålarar.
Dei siste åra har det vore svært god forteneste på rekefiske og det siste rekneskapen registrert i Brønnøysund frå 2017, viser eit resultat før skatt på nær 48 millionar av ein omsetnad på 167 millionar for Arctic Swan-selskapet.

Remøy låg tre veker i arrest i 2017

I 2017 var den herøyeigde reketrålaren Remøy liggande etter å ha vore brakt opp av russisk kystvakt. Feil utfylling av eit lisensskjema frå Fiskeridirektoratet var årsaka til arresten den gong.
Reiarlaget Remøy Havfiske fekk ei bot på 30 millionar, og Staten dekte delar av bota og kostnadane reiarlaget hadde med saka.
I ettertid for fiske i andre land sine soner.

Publisert: 27.03.2019 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33