Norled seld til investeringsselskap
FOLKESTAD: Norled er seld til to investeringsselskap. Her bilferja Folkestad.
Nytt

Norled seld til investeringsselskap

Det Stavangerske Dampskibsselskab sel ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled til to investeringsfond.

20.05.2019
Prisen ligg truleg i overkant av fire milliardar kroner, skriv
Seljar er majoritetseigar Yuhong Hermansen, og kjøpar er dei to investeringsfonda CapMan Infra og CBRE Caledon, som begge no eig 50 prosent av det Stavanger-baserte reiarlaget.
Norled er eitt av landets største ferje- og hurtigbåtselskap med ei omsetjing på nesten 2,4 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 228 millionar kroner i fjor.

Hydrogenferje

Hegnar.no opplyser at Norled fraktar vel 17 millionar passasjerar og 9 millionar bilar årleg.
Selskapet har nyleg vunne fleire kontraktar for å drifte nullutslepps elektriske ferjer, og byggjer også verdas første hydrogenferje.
Norled har blant anna vunne ei rekkje kontraktar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og selskapet har ei ordrebok på 17 milliardar kroner.
Norled var det første selskapet i verda som sette inn ei heilelektrisk ferje på eit samband då «Ampère» vart sett inn på Lavik–Oppedal i Sogn og Fjordane i 2015.

Nytt segment

Investeringa er den første for fondet CapMan Nordic Infrastructure I, og CapMan Infra første investering i transportsegmentet.
Yuhong Hermansen seier at ho er sikker på at Norled med dei nye eigarane vil fortsette sin positive utvikling.
- Denne avtalen kjem på ei tid då norsk ferje- og hurtigbåtindustri investerer betydeleg i ny, miljøvenleg teknologi.
- Norleds dedikerte medarbeidarar har i fleire år bevist sin evne til å vere og forbli pionerar i det grøne skiftet innan sektoren. Eg er glad for at CapMan Infra og CBRE Caledon, som solide og profesjonelle eigarar, skal utvikle Norled vidare i tråd med selskapets forretningsplan og investeringsplanar, seier ho.


Publisert: 20.05.2019 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35