Noreg i spissen for aa hindre internasjonal fiskerikriminalitet
MINISTER: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik  forpliktar Noreg til å delae kunnskap og støtta utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet
Nytt

Noreg i spissen for å hindre internasjonal fiskerikriminalitet

Noreg går saman med ei rekkje andre kystnasjonar for å slå tilbake mot internasjonal fiskerikriminalitet.

15.10.2018
NPK-NTB–Fredrik Moen Gabrielsen: Måndag opna fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) den store konferansen FishCRIME i København. Noreg har saman med Nordisk ministerråd invitert store havnasjonar og små øystatar til å møtast i den danske hovudstaden for å diskutera korleis ein kan stoppa bakmennene.
På konferansen signerte Nesvik ei erklæring som forpliktar Noreg til å dela kunnskap og støtta utviklingsland i kampen mot fiskerikriminalitet.
Førebels er ni kystnasjonar med i erklæringa; Færøyene, Indonesia, Sri Lanka, Ghana, Namibia, Solomonøyane, Palau og Kiribati, i tillegg til Noreg som står bak initiativet.

– Eit internasjonalt problem

Fiskeriministeren håpar fleire land vil vera med og seier at fiskerikriminalitet ikkje berre er eit nasjonalt, men eit internasjonalt problem.
– Fiskerikriminalitet kjem til å bli ein av dei absolutt viktigaste sakene mine. Vi kan ikkje ha slike kjeltringar som driv med ulovleg verksemd, og som sørgjer for at viktige inntekter ikkje kjem dei ulike samfunna til gode, seier Nesvik til NTB.
Kvart år går det føre seg det uregulert og ulovleg fiske til ein verdi av 192 milliardar kroner, ifølgje rapporten til Nordisk ministerråd frå i fjor.

Menneskehandel og slaveri

Ulovleg fiske har, kombinert med internasjonal kriminalitet, fått stadig meir merksemd dei siste åra. Ifølgje er organiserte, kriminelle nettverk involvert i ulovleg fiske, gjerne kombinert med menneskehandel og slaveri.
Korrupsjon, kapitalflukt og narkotikahandel er også kriminell verksemd som blir sett i samband med ulovleg fiske.
Ulovleg fangst blir ofte transportert over lange avstandar og endar opp i hamnar der lokale styresmakter verken har kunnskap om forvaltning eller nok kontroll over korleis fisket har gått føre seg.
Noreg blir rekna blant dei landa som har komme lengst i kampen av fiskerikriminalitet. I 2013 inngjekk Norad eit samarbeid med Interpol for å styrkja innsatsen mot ulovleg fiske.

Publisert: 15.10.2018 16:25

Sist oppdatert: 18.03.2021 08:36